Peter Lely
Peter Lely | |
Statsborgarskap | Dei sameinte Nederlanda |
Fødd | 14. september 1618 Soest |
Død |
30. november 1680 (62 år) |
Yrke | kunstmålar, teiknar, designar |
Sjanger | portrett, målarkunst |
Medlem av | Haarlem Guild of St. Luke |
Peter Lely på Commons |
Peter Lely, opphavleg Pieter van der Faes (14. september 1618–30. november 1680) var ein nederlandsk-engelsk kunstmålar.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Han var frå Utrecht, namnet Lely tok han tidleg etter ei lilje utanfor barndomsheimen i Haag. Lely studerte i Haarlem og reiste til England omkring 1641. Her måla han landskapsbilete og historiemåleri.
Etter nokre få år i England byrja han å konsentrere seg om portrettkunst. Verka hans vart med tida påverka av målestilen til Anthonis van Dyck, ein annan utvandra nederlendar. Samanlikna med denne nyttar han seg av kraftigare penselføring, sterkare fargar og sinnsstemning. Lely måla portrett av medlemer av den engelske kongefamilien og av andre mektige personar i det samtidige England. Mellom anna portretterte han begge kongane Karl I, Karl II og Oliver Cromwell. Særleg er han kjend for måleria frå det luksuriøse hoffet til Karl II.
Lely dreiv ein større målarverkstad og skal ofte ha måla berre hovudet av figurane i verk som han signerte. Han vart adla (knight) i 1680, kort etter døydde han i Covent Garden, den seinare bydelen i London.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Peter Lely» frå Wikipedia på engelsk, den 29. februar 2012.
- Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon