Hopp til innhald

Perm oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Perm oblast
Пермская область
oblast
Flagg
Symbol
Land  Russland
Del av Den volgiske føderasjonskrets
Hovudstad Perm
Areal 160 600 km²
Folketal 2 769 805 (2005)
Språk russisk
Tidssone UTC +5
Bilnummer 59
Kart
Perm oblast
58°00′50″N 56°14′56″E / 58.013888888889°N 56.248888888889°E / 58.013888888889; 56.248888888889
Perm oblast på kartet over Russland.
Perm oblast på kartet over Russland.
Perm oblast på kartet over Russland.
Wikimedia Commons: Perm Oblast

Perm oblast[a] var ein provins (oblast) i Russland og eit av dei 89 føderale subjekta i den Russiske føderasjonen inntil 1. desember 2005. Hovudstaden var Perm, arealet 160 237 km² og innbyggjartalet i 2002 var 2 820 000.

Utsyn over elva Muljanka i byen Perm.

Perm oblast låg helt i aust i Europa der den store russiske sletta møter Uralfjella. Russisk busetjing i dette området starta på 1500-talet. I 1780 vart provinsen Perm oppretta. Perm oblast vart oppretta i 1938.

83,8 % av innbyggjarane var russarar (2001), 4,9 % tatarar og 4,0 % komipermjakar.

Området har rike mineralforekomstar, her blir det utvunne m.a. olje gass, kol, krom og diamantar.

Som resultat av ei folkeavrøysting i 2004 vart Perm oblast den 1. desember 2005 slått saman med Komi-Permjakia til Perm kraj. Det nye området har hovudstad i Perm.

  1. russisk Пермская область Permskaja oblast

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Perm oblast