Peder Klykken
Peder Klykken | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. november 1772 Overhalla |
Død |
22. januar 1861 (88 år) |
Yrke | sorenskrivar, lensmann, stortingsrepresentant, politikar |
Språk | norsk |
Peder Klykken (19. november 1772–22. januar 1861) var ein norsk sorenskrivar og stortingsmann frå Overhalla.
Klykken var son til ein klokkar og gardbrukar i Overhalla. Han vart i 1802 uteksaminert jurist i norsk og arbeidde som kopist og/eller konstituert i ulike embete i seksten år. Frå 1809 til -18 var han sorenskrivar i Lofoten og Vesterålen, busett i Hadsel. Der etter var han sorenskrivar 1818-29 i Inderøy og 1829-49 i Stjørdal og Verdal.
Klykken representerte Nordlands amt på Stortinget 1818 og Nordre Trondhjems amt i 1827 og på Omframtstortinget 1828. Til Omframstortinget 1822 møtte han som varamann for Ola Olsson Lånke frå 23. oktober. I 1818 var han sekretær i Odelstinget og medlem i elleve komitear, mellom dei formann i Likningskomiteen for Nordlands stift. På 1827-stortinget var han visesekretær i Odelstinget og sekretær i komiteen om skattestellet, budsjettet og brennevinsbrenninga og medlem i komiteen om reinskysslova og kanalanlegg i Helgeland. I 1818 var Klykken med i den deputasjonen Stortinget sende til kryninga av kong Karl Johan i Trondheim.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914