Paulen
Utsjånad
Paulen[1] er ein fjordarm av Linesfjorden i Åfjord kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 3 km søraustover til botn av Sørholet.
Fjorden har innløp mellom Sandvika i nord og Kattavika i sør. Ytst i fjorden ligg bruka Kattavika og Grøttingen på sørsida av fjorden. Inst i fjorden deler han seg i dei to delane Nordholet og Sørholet. Den djupaste av desse er Sørholet.
Fylkesveg 723 går langs botn og nordsida av fjorden.