Oslo Plaza
59°54′42.998″N 10°45′18.979″E / 59.91194389°N 10.75527194°E
Oslo Plaza | |||
| |||
Offisielt namn | Radisson Blu Plaza Hotel | ||
---|---|---|---|
Kallenamn | Oslo Plaza | ||
Adresse | Sonia Henies plass 3 0185 Oslo | ||
Stad | Oslo i Noreg | ||
Eigar | Wenaasgruppen | ||
Arkitekt | White arkitekter | ||
Opna | 14. mars 1990 | ||
Høgd | 117 m | ||
Etasjar | 37 | ||
Rom | 676 | ||
Oslo Plaza 59°54′44″N 10°45′19″E / 59.91225°N 10.75525°E |
Radisson Blu Plaza Hotel (i daglegtale Oslo Plaza) er eit hotell i Oslo sentrum og er, med sine 117 meter, Nord-Europas høgste hotell og den nest [1] høgste bygningen i Noreg. Bygningen er, i likskap med nesten alle bygg i Oslo, mislikt i enkelte krinsar – onde tunger har kalla bygningen «Hotell Hoggjernet»[2]. Bygningen har likevel ikkje vorten ein «folkefiende», i motsetnad til Postgirobygget, trass i at den er både større og høgre.
Hotellet har 37 etasjar og 673 rom med til saman 1500 senger, 140 forretningsrom og 20 suiter. Bygget er ført opp i betong og har rasterfasader i spegelglas. Dei øvste etasjane er avfasa med bratt skråtak på ei side mot eit skarpt møne. Det har dessutan ein utenpåliggjande heis i glas som fører opp til bevertningsstad på toppen. Ei lågblokk i tre etasjar inneheld inngangsparti, lobby, restaurantar og konferansesalar.
Bygget stod ferdig i 1989, og er teikna av White arkitekter. Det blei opna den 14. mars 1990 av kong Olav V. I 1992 blei det reist ei gangbru mellom hotellet og Oslo Spektrum.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Oslo Plaza
-
Oslo Plaza, 17. april 2008
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Nexans: Haldentårnet er Norges høyeste landfaste bygning., arkivert frå originalen 1. april 2013, henta 5. oktober 2010
- ↑ Hotell Hoggjernet: http://www.nytid.no/?sk=9&id=454