Ole Schavland
Utsjånad
Ole Schavland | |||
Fødd | 22. desember 1759 Sparbu | ||
---|---|---|---|
Død | 6. august 1839 (79 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | prest, politikar | ||
Barn | Aage Schavland | ||
Alle verv |
|
Ole Schavland (22. desember 1759–6. august 1839) var ein norsk prest og stortingsmann frå Sparbu i Nord-Trøndelag. Han var far til Aage Schavland.
Schavland vart cand. theol. i 1782. Han vart i 1786 personalkapellan i Mandal og Holum. Deretter var han residerande kapellan i Strand i Ryfylke frå 1789 til 1836, heile 47 år.
Schavland møtte på omframstortinget i 1822 i staden for Hans Nansen, ettersom han var 1. varamann for Stavanger amt. Til Stortinget 1827 og omframstortinget 1828 var han 2. representant frå amtet. I 1827 var han medlem av justiskomiteen, i 1828 av komiteen om bidrag til ministerkassa.
Han døydde i Stavanger i 1839.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Ole Schavland NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv