Ole Olsson Lindset
Utsjånad
Ole Olsson Lindset | |
Fødd | 22. mars 1847 |
Død |
21. februar 1902 (54 år) |
Ole Martinus Olsson Lindset (22. mars 1847–21. februar 1902) var ein norsk gardbrukar og spelmann i Eide på Nordmøre.
Ole var frå garden Slatlem i Kornstad og arbeidde på farsgarden i 1865.[1] Han gifta seg til Lindset i Eide og tok over drifta av eit bruk der. Ole Olsson Lindset var «ein av dei fremste hardingfelespelarane, med ekte tradisjonelt slåttespel», skriv Arne Bjørndal i Norsk Allkunnebok VIII. bandet.
Lindset omkom på havet ved Orskjera,[2] i grenseområdet mellom dagens kommunar Eide og Averøy.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958
- Notar
- ↑ http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038300003845
- ↑ Ministerialbok 1898-1910 for Eide sokn