Hopp til innhald

Ole Ellefsæter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Ellefsæter


Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. februar 1939
Furnes
Død 18. oktober 2022 (83 år)
Ringsaker kommune
Idrett langrenn
Tok del i Ski-VM 1966, cross-country skiing at the 1968 Winter Olympics, Vasaloppet 1971
Utmerkingar Egebergs Ærespris, Fearnleys olympiske ærespris, Holmenkollmedaljen

Ole Martin Ellefsæter (15. februar 193918. oktober 2022)[1] var ein norsk langrennsløpar og friidrettsutøvar. Ellefsæter var fødd på Furnes i Ringsaker.

Under verdsmeisterskapen på ski i Oslo i 1966 vann Ellefsæter gull på 4 x 10 km stafett, og sølv på 15 km. Han vann to gullmedaljar under Vinter-OL 1968 i Grenoble, både 50 km og 4 x 10 km stafett. I 1971 vart han den første nordmannen til å vinne Vasaloppet. Av norske utøvarar er det berre Anders og Jørgen Aukland som elles har vunne dette løpet.

Ellefsæter deltok òg i friidrett og vann 3 000 meter hinder heile 6 gongar på rad under noregsmeisterskapa 1960-1965.[2] Han hadde ei personleg bestetid på 8:43.8 minutt, som han oppnådde på Bislett stadion i juni 1962.

Ole Ellefsæter vart tildelt Egebergs Ærespris i 1965 og Holmenkollmedaljen i 1967, som han delte med Toini Gustafsson. I tillegg fekk han Fearnleys olympiske ærespris etter OL i 1968.

  1. Freng, Gaute (18. oktober 2022), «Ole Ellefsæter er død: – Han var en bauta», Ringsaker Blad (på norsk), henta 18. oktober 2022 
  2. http://www.friidrett.no/friidrett/statistikk/nm/m3000h.htm

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]