Olav Sunde
Olav Sunde | |
Olav Sunde, ca 1930 | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. august 1903 Christiania |
Død |
10. november 1985 (82 år) |
Yrke | spydkastar, friidrettsutøvar |
Høgd | 180 centimeter |
Olav Sunde på Commons |
Olav Sunde (17. august 1903–10. november 1985) var ein norsk spydkastar frå Oslo. Han vann ein OL-bronse i øvinga i 1928 og tok ni NM-titlar.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Sunde, som var son til innflyttarar frå Stryn, faren var lærar, melde seg inn IK Tjalve og tevla for denne klubben i alle sine aktive år. Frå 1927 til 1937 vann han ni av dei elleve norske meistertitlane i spydkasting, åra 1929 og -32 deltok han ikkje.
Sunde vann bronsemedaljen under Sommar-OL 1928 i Amsterdam med eit kast på 63,97 meter. Svenske Erik Lundquist vart olympisk meister med 66,60 m, olympisk rekord, framom Béla Szepes frå Ungarn som fekk notert 65,26 m. Sunde forbetra elles den norske spydrekorden til 65,28 m i OL-sesongen.
Sunde sette sin åttande og siste noregsrekord i spydkast under landskampen mot Sverige på Bislett stadion 19. juni 1932. Med 67,04 meter vann han ein suveren siger, noregsrekorden stod seg i 14 år. Sunde var norsk flaggberar under Sommar-OL 1932 i Los Angeles, der Noreg stilte med fem utøvarar. I OL-tevlinga enda han elles niandeplass med eit kast på 60,81 meter.
Medaljar i norske meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- 1925: Sølvmedalje - 100,48 m (med begge hender)
- 1926: Sølvmedalje - 109,71 m (med begge hender)
- 1927: Gullmedalje - 61,66 m (med beste hand)
- 1928: Gullmedalje - 62,21 m
- 1930: Gullmedalje - 65,11 m
- 1931: Gullmedalje - 63,25 m
- 1933: Gullmedalje - 62,98 m
- 1934: Gullmedalje - 63,06 m
- 1935: Gullmedalje - 63,09 m
- 1936: Gullmedalje - 64,22 m
- 1937: Gullmedalje - 61,20 m
- 1939: Sølvmedalje - 61,20 m
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Raskest, høyest, lengst i 100 år. 1986
- Denne artikkelen bygger på «Olav Sunde» frå Wikipedia på bokmål, den 16. mai 2015.