OGAE Second Chance Contest 2009
OGAE Second Chance Contest 2009 | ||||
---|---|---|---|---|
Dato | ||||
Vertskap | ||||
Stad | Stockholm i Sverige | |||
Deltakarar | ||||
Deltakarland | 20 | |||
Debuterte | Andorra Moldova | |||
Attende | Nederland Slovakia (ROW) | |||
Trekte seg | Belgia Malta Storbritannia Russland Tyskland | |||
Vinnar | ||||
OGAE Second Chance Contest | ||||
|
OGAE Second Chance Contest 2009 (OGAE SCC 2009) var den tjuetredje gongen OGAE Second Chance Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Stockholm i Sverige, etter at Sverige vann tevlinga i 2008, med songen «Empty Room» av Sanna Nielsen.[1]
For å kunne deltake i OGAE Second Chance Contest 2009, måtte ein ha delteke i ein av dei nasjonale finalane i Eurovision Song Contest 2009; men om eit bidrag hadde vunne ein nasjonal finale, kunne ikkje bidraget deltake i OGAE Second Chance Contest.
Tjue land deltok i tevlinga. Andorra og Moldova deltok i tevlinga for fyrste gong, medan Nederland og Slovakia (for OGAE Rest of the World) returnerte til tevlinga. Belgia, Russland, Storbritannia og Tyskland, som deltok i 2008, deltok ikkje i 2009-utgåva av OGAE Second Chance Contest.[1] Malta skulle opprinneleg deltake i tevlinga med songen «Avalon» av Georgina og Ruth Casingena, men OGAE Malta valde å trekkje seg før tevlinga starta.
Danmark vann OGAE Second Chance Contest for andre gong, med songen «Someday» av Hera Björk.[2]
Bidraga
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Land[2] | Artist | Song | Språk | Plass | Poeng | Nasjonal finale |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Plass | |||||||
01 | Andorra | Mar Capdevila | «Passió obsessiva» | Katalansk | 14 | 21 | 3 |
02 | Moldova | Alexa | «A Flight to the Light» | Engelsk | 15 | 15 | 2 |
03 | Estland | Laura | «Destiny» | Engelsk | 7 | 97 | 3 |
04 | Spania | Mirela | «Nada es comparable a ti» | Spansk | 3 | 208 | 4 |
05 | Noreg | Alexander Stenerud | «Find My Girl» | Engelsk | 4 | 137 | 3 |
06 | Polen | Renton | «I'm Not Sure» | Engelsk | 18 | 6 | 2 |
07 | Finland | Passionworks med Tony Turunen | «Surrender» | Engelsk | 9 | 66 | 3 |
08 | Hellas | Sákis Rouvás | «Right on Time» | Engelsk | 7 | 97 | 2 |
09 | Slovenia | Omar Naber | «I Still Carry On» | Engelsk | 6 | 118 | 2 |
10 | Kroatia | Ivo Gamulin Gianni | «Daj mi jedan razlog» | Kroatisk | 13 | 23 | 4 |
11 | Litauen | Rūta Ščiogolevaitė | «Redemption» | Engelsk | 18 | 6 | 4 |
12 | Irland | Laura-Jayne Hunter | «Out of Control» | Engelsk | 15 | 15 | 3 |
13 | Nederland | De Toppers | «Angel of the Night» | Engelsk | 11 | 47 | 2 |
14 | Makedonia | Lozano | «Blisku do mene» | Makedonsk | 17 | 8 | 4 |
15 | Serbia | Ana Nikolić | «Bili smo najlepši» | Serbisk | 12 | 26 | Uplassert |
16 | Slovakia (ROW) | Desmod og Lucia Nováková | «Posledná minúta» | Slovakisk | 20 | 4 | Uplassert |
17 | Israel | Noa og Mira Awad | «Will You Dance With Me?» | Hebraisk, arabisk og engelsk | 5 | 136 | 2 |
18 | Danmark | Hera Björk | «Someday» | Engelsk | 1 | 257 | 2 |
19 | Sverige | Alcazar | «Stay the Night» | Engelsk | 2 | 230 | 5 |
20 | Portugal | Filipa Batista | «O teu lugar» | Portugisisk | 10 | 49 | 4 |
N/A | Malta | Georgina og Ruth Casingena | «Avalon» | Engelsk | N/A | 12 |
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «OGAE Second Chance Contest 2009». ESCGermany.de. Henta 22. desember 2009.
- ↑ 2,0 2,1 «OGAE Second Chance Contest 2009: Here are the results!». ESCToday.com. Henta 22. desember 2009.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «OGAE Second Chance Contest 2009» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juli 2020.