Norsk Luftfartsmuseum
Norsk Luftfartsmuseum | |||
| |||
Stad | Bodø | ||
---|---|---|---|
Skipa | 16. februar 2007 | ||
Norsk Luftfartsmuseum 67°16′36″N 14°24′42″E / 67.27666667°N 14.41166667°E |
Norsk Luftfartsmuseum er nasjonalt museum for luftfart i Noreg. Museet omfattar militær og sivil luftfartshistorie fordelt på rundt 12 000 m², og utstillinga er den største i Norden innan luftfart. Museet ligg i Bodø og er forma som ein gigantisk propell. Bygningen er teikna av det lokale arkitektfirmaet Boarch arkitekter.[1]
Museet vart opna av kong Harald V den 15. mai 1994.
Utstillingane
[endre | endre wikiteksten]Utstillingane til Norsk Luftfartsmuseum fortel historia om luftfart, med fokus på den norske historia frå byrjinga og fram til i dag.
I utstillinga finst blant anna fly som Supermarine Spitfire, F-5 Freedom Fighter, CF-104 Starfighter, Junkers Ju 88, spionflyet U-2, Junkers Ju 52, Twin Otter og Fokker F28 Fellowship.
Museet har eigen verkstad for restaurering av fly, og mange av flya i utstillinga er restaurerte her. Om ein er spesielt interessert er det mogleg å kontakta museet på førehand og be om å få vitja restaureringsverkstaden. I tillegg har museet, i samarbeid med Bodø Luftfartshistoriske Forening og andre samarbeidspartnarar, berga og samla inn fleire gamle flyvrak, og vrakdelar frå både fjell og under vatn.
Strid om plassering
[endre | endre wikiteksten]Det var lenge strid om kvar museet skulle liggja. Miljøet rundt Forsvarets flysamling på Gardermoen ynskte å byggja museet der, medan miljøet i Bodø ynskte å ha museet i Bodø kommune. 31. mars 1992 vedtok Stortinget at det skulle byggjast eit felles museum for sivil og militær luftfart i Bodø.
Plassering
[endre | endre wikiteksten]Norsk Luftfartsmuseum ligg i Bodø i Nordland fylke, omtrent halvannan kilometer frå Bodø sentrum. Bodø vidaregåande skule avd. flyfag har lokale i same bygg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Norsk luftfartsmuseum». BOARCH. Henta 6. januar 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Norsk Luftfartsmuseum» frå Wikipedia på bokmål, den 29. september 2018.