Nina Ponomarjova
Nina Ponomarjova | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
Fødd | 27. april 1929 Nizjnij Tagil |
Død |
19. august 2016 (87 år) |
Yrke | friidrettsutøvar, friidrettstrener |
Språk | russisk |
Høgd | 173 centimeter |
Nina Ponomarjova på Commons |
Nina Apollonovna Ponomarjova[a] (fødd Nina Romasjkova, 27. april 1929–19. august 2016)[1] var ein sovjetisk-ukrainsk diskoskastar frå Sverdlovsk, som i 1952 vart den fyrste sovjetiske olympiameisteren. Ho vart olympisk meister i diskosøvinga i 1952 og 1960 og europameister i 1954.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Den 20. juli 1952 vann Nina Romasjkova den fyrste olympiske gullmedaljen for Sovjetunionen då ho kasta diskosen 51,42 m under sommar-OL i Helsingfors. Etter sommarleikane forbetra ho i Odessa verdsrekorden til 53,61 m den 9. august.
I 1954 vart Ponormajova europameister i diskoskast i europameisterskapen i Bern med 48,02 m. To år seinare tok ho bronsemedaljen i dei olympiske leikane i Melbourne med 52,02 m, småskadd og nesten utrena.
Under sommarolympiaden 1960 i Roma vann Ponomarjova si andre olympiske gullmedalje i diskoskasting. Vinnarkastet målte 55,10 meter. Ho kom så på sjetteplass i friidretts-EM 1962 i Beograd, og vart nummer 11 under sommarleikane i Tokyo i 1964.
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Russisk skrift Нина Аполлоновна Пономарёва
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Grimes, William (23. august 2016). «Nina Ponomareva, Soviet Olympian Who Set Off a Diplomatic Crisis, Dies at 87» (på engelsk). The New York Times. Henta 22. januar 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Nina Apollonowna Ponomarjowa» frå Wikipedia på tysk, den 28. august 2014.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1929
- Døde i 2016
- Sovjetiske diskoskastarar
- Olympiske meistrar for Sovjetunionen
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1952
- Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1952
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1956
- Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1956
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1960
- Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1960
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960