Nicolette Larson
Nicolette Larson | |||
| |||
Fødd | 17. juli 1952 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Helena i Montana | ||
Død | 16. desember 1997 (45 år) | ||
Dødsstad | Los Angeles | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1976-1997 | ||
Sjanger | Country, pop | ||
Instrument | Vokal, gitar | ||
Tilknytte artistar | Steve Wariner, Neil Young | ||
Plateselskap | Warner Bros. MCA | ||
Verka som | songar, låtskrivar, komponist, gitarist, skodespelar, musikar |
Nicolette Larson (17. juli 1952–16. desember 1997) var ein amerikansk songar som er mest kjend for versjonen sin av Neil Youngs «Lotta Love» i 1978. Dette var debutsingelen hennar og nådde åttandeplassen på den amerikanske singellista. I 1985 skifta ho fokus til meir country-orientert musikk og nådde country-lista i USA seks gonger, mellom anna med «That's How You Know When Love's Right», ein duett med Steve Wariner.
Ho vart fødd i Montana og gjekk på skule i Kansas City i Missouri. Ho slo seg etter kvart ned i San Francisco, der ho arbeidde i ein platebutikk. Etter kvart byrja ho å synge lokalt og i 1975 fekk ho syngje for Commander Cody på albumet deira Tales From the Ozone. Ho song òg korvokal for Commander Cody-album i 1977 og 1978.
Larson arbeidde med Emmylou Harris på albumet hennar Luxury Liner i 1977, og Larson fekk vise seg fram på songen «Hello Stranger». Harris møtte då Linda Ronstadt og dei vart vener. Våren 1977 var Larson på besøk hos Ronstadt i Malibu då naboen Neil Young ringte ho og spurte om ho kunne anbefale ein kvinneleg songar, og Ronstadt anbefalte Larson. Young kom over til Ronstadt for å møte Larson: «Neil song gjennom alle songane han nyleg hadde skrive, om lag tjue stykk. Vi song harmoni med han og han var nøgd».[1]
Veka etter song Ronstadt og Larson vokal for Young sitt American Stars 'n Bars, og i 1977 inviterte Young Larson til Nashville for å syngje på Comes a Time. Dette samarbeidet førte til at Larson fekk eigen platekontrakt med Warner Brothers. Debutalbumet hennar, Nicolette kom ut i 1978. Det var produsert av Ted Templeman.[2] Det nådde 15. plass på albumlista i USA og singelen «Lotta Love», som var skriven av Neil Young, nådde åttandeplass.
Larson spelte inn mange album gjennom 80-åra og første halvdel av 90-talet, samstundes som ho song gjestevokal for mange andre artistar.
Ho døydde 16. desember 1997 i Los Angeles av cerebralt ødem etter at levra hennar braut saman.[3]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]år | Album | Listeplassering | Sertifisering | |||
---|---|---|---|---|---|---|
US | US Country | CAN | RIAA | CRIA | ||
1978 | Nicolette | 15 | 1 | Gull | Gull | |
1979 | In the Nick of Time | 47 | 71 | |||
1979 | Live At The Roxy (berre promo) | |||||
1981 | Radioland | 62 | ||||
1982 | All Dressed Up & No Place To Go | 75 | ||||
1985 | ...Say When | 48 | ||||
1986 | Rose of My Heart | 40 | ||||
1987 | Shadows of Love | |||||
1994 | Sleep, Baby, Sleep | |||||
1999 | The Very Best of Nicolette Larson | |||||
2006 | A Tribute to Nicolette Larson: Lotta Love Concert | |||||
2006 | Live At The Roxy (spelt inn i 1979) |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nicolette Larson» frå Wikipedia på engelsk, den 28. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Crowe, Cameron (November 14, 1978). «Nicolette Larson's Time Has Come». Rolling Stone. ISSN 0035-791X.
- ↑ Cramer, Christina (December 18, 1997). «Music World Says Goodbye To Nicolette Larson». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 13. juni 2018. Henta August 9, 2011.
- ↑ Oliver, Myrna (18. desember 1997). «Nicolette Larson; Award-Winning Singer». Los Angeles Times.