Namsosbanen
Namsosbanen | |
Info | |
---|---|
System | Enkeltspora bane |
Status | Sidebane utan regulær trafikk |
Utgangsstasjon | Grong |
Endestasjon | Namsos |
Drift | |
Opna | 1933 |
Eigar | Bane NOR |
Teknisk | |
Lengd | 51,5 km |
Bruer | 18 |
Tunnelar | 5 |
Planovergangar | 113 |
Namsosbanen er ei jernbanestrekning som går frå Grong til Namsos i Trøndelag. Strekninga er 52 km lang og er eit sidespor til Nordlandsbanen. Banen vart opna 1. november 1933. Persontrafikken vart lagd ned i 1978. Godstrafikken til Namsos vart nedlagd i 1999, men heldt fram med korntog mellom Grong og Skogmo til 2005.
I dag kan turistar låne dresin på campingplassen i Namsos for å sykle strekninga Namsos-Skage. Jernbaneverket estimerte i 2009 at ei opprustning av Namsosbanen vil koste mellom 150 og 250 millioner kroner.[1] Namsosbanen er offisielt ikkje nedlagt. 14. oktober 2010 vart Grong stasjon fjernstyrt og Namsosbanen er signalteknisk ikkje lenger ein del av stasjonen. Banen vart då eit sidespor til Grong.[2] I 2021 blei banen tatt ut av det nasjonale jernbanenettet.[3]
Strekning
[endre | endre wikiteksten]Kilometrering refererer til Trondheim
Teiknforklaring | |||
Nordlandsbanen frå nord | |||
219,54 km | Grong (1929) | ||
til Steinkjer | |||
Sanddøla bru | |||
Røttesdal viadukt (107 m) | |||
222,85 km | Dun (1933) | ||
Sem | |||
225,84 km | Skjemsvoll (1933) | ||
Jørem (1933) | |||
231,53 km | Øyheim (1933) | ||
235,78 km | Øysletta (1933) | ||
Bertnem bru (Namsen) (195 m) | |||
Heknbakk (1933) | |||
Skogmo industrispor (1983) | |||
241,76 km | Skogmo (1933) | ||
stengt for trafikk herfrå[4] | |||
Bjøra (98 m) | |||
Himo (1936) | |||
245,12 km | Overhalla (1933) | ||
Reina (54 m) | |||
Barlia (1953) | |||
249,42 km | Øysvoll (1933) | ||
Myrmo (1933) | |||
Halvardmo (1962) | |||
Skage industrispor (1983) | |||
256,44 km | Skage (1933) | ||
Myreelva (57 m) | |||
Bergeng (150 m) | |||
Brudalsøya (29 m) | |||
Grytøya (1936) | |||
Vika (46 m) | |||
262,96 km | Kvatninga (1933) | ||
Meosen (45 m) | |||
Meosen (1934) | |||
Høyknes (1933) | |||
Angelskjæret (1963) | |||
Hønhaugen 1 (69 m) | |||
Hønhaugen 2 (84 m) | |||
270,14 km | Namsos (1981) | ||
271,15 km | Namsos gamle (1933) |
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Nytt nei til Namsosbanen». NRK Trøndelag. 3. juni 2009. Henta 29. desember 2012.
- ↑ «Grong stasjon fjernstyrt». Arkivert frå originalen 15. november 2018. Henta 26. august 2021.
- ↑ Samferdselsdepartementet (11. mai 2021), «Namsosbanen og strekninga Røste-Dokka på Valdresbanen tas ut av det nasjonale jernbanenettet», Regjeringa.no, henta 26. august 2021
- ↑ «Network Statement 2008 Vedlegg 3.2.2.2: TILKNYTTEDE NETT» (pdf). Jernbaneverket. 1. desember 2006. s. 6. Henta 20. januar 2008.