Hopp til innhald

Najran-regionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Najran
نجران
Region
Land  Saudi-Arabia
Hovudstad Najran
Areal 119 000 km²
Folketal 505 652 (2010)[1]
Postnummer 10
Kart
Najran-regionen
17°29′30″N 44°07′56″E / 17.491666666667°N 44.132222222222°E / 17.491666666667; 44.132222222222
Kart som viser Najran-regionen.
Kart som viser Najran-regionen.
Kart som viser Najran-regionen.
Wikimedia Commons: Najran Province

Najran (arabisk نجران‎, romanisert Naǧrān) er ein region i Saudi-Arabia, sør i landet langs grensa til Jemen. Han har eit areal på 119 000 km². Hovudstaden er byen Najran.

Najran er busett av den mektige yam-stamma, som har budd i regionen i mange hundreår.

Namnet Najran tyder 'trestykke som dørhengsla går rundt'. Ordet «Najran» tyder òg 'tørst'. Ei anna forklaring er at namnet kjem frå Najran Ibn Zaidan Ibn Sabaa Ibn Yashgab Ibn Yareb Ibn Qahtan fordi han var den første personen som busette seg i Najran.

Najran består av tre geografiske område. Det eine er eit flatt område som ligg sentralt i Najran. Det har fleire dalar og den mest kjende av dei er Najrandalen. Det andre er eit fjellområde i vest og i nord. Her er klimaet meir moderat med vakre parkar og skuggar frå nabk-trea. Det siste området er eit sandete område i aust, som er ein del av ørkenen Rub al-Khali.

Guvernement

[endre | endre wikiteksten]
  • Al Khirkhir (4 015)
  • Badr Al Janub (11 117)
  • Hubuna (20 400)
  • Khubash (22 133)
  • Najran (329 112)
  • Sharurah (85 977)
  • Thar (16 047)
  • Yadamah (16 851)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Najran-regionen