Mynteslekta
Mynteslekta | |
Åkermynte, Mentha arvensis | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Leppeblomfamilien Lamiaceae |
Underfamilie: | Nepetoideae |
Stamme: | Mentheae |
Understamme: | Menthinae |
Slekt: | Mynteslekta Mentha L., 1753 |
Mynteslekta (Mentha) er ei planteslekt i leppeblomfamilien. Ho omfattar fleire artar og hybridar som blir brukt til mat og oljeproduksjon, som engmynte, grønmynte, gråmynte og peparmynte. Desse blir ofte berre kalla mynte.[1]
I tillegg til plantane i mynteslekta finst det også fleire artar i andre slekter som har mynte-namn, slik som bakkemynte, kattemynte og sårmynte.
Artar
[endre | endre wikiteksten]Mynteslekta omfattar 13–25 forskjellige artar. Desse dannar lett hybridar seg imellom, og saman med ulike kultivarar finst det dermed eit utal ulike mynteplantar.
Artar i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Artar registrerte i Noreg:[2][3]
- Åkermynte (M. arvensis), livskraftig (LC)
- Engmynte (M. ×verticillata), livskraftig (LC)
- Temynte (M. ×gentilis), framandart, ingen kjend risiko (NK)
- Tannmynte (M. ×smithiana), framandart, ingen kjend risiko (NK)
- Vassmynte (M. aquatica), nær truga (NT) i Raudlista 2021[4]
- Peparmynte (M. ×piperita), framandart, låg risiko (LO) i Framandartslista 2018[5]
- Grønmynte (M. spicata, syn. M. viridis),[6][7] framandart, låg risiko (LO)[5]
- Mojitomynte (M. ×villosa), framandart, låg risiko (LO)[5]
- Kvassmynte (M. ×villoso-nervata), framandart, ingen kjend risiko (NK)
- Gråmynte (M. longifolia, syn. Mentha silvestris), framandart, låg risiko (LO)[5]
- Ullmynte (M. ×rotundifolia), framandart, låg risiko (LO)[5]
- Rundmynte (M. suaveolens), framandart, låg risiko (LO)[5]
- Kanadamynte (M. canadensis), framandart, einskildfunn, ikkje risikovurdert
- Poleimynte (M. pulegium), framandart, einskildfunn, ikkje risikovurdert
Andre artar
[endre | endre wikiteksten]Lista under inneheld andre artar det er vanleg å rekna med i botanikken i dag. Ingen av desse har normerte norske namn. Engelsk namn står i kursiv etter artsnamnet om ikkje norsk namn er oppgjeve.
- M. asiatica – Asian mint
- M. australis – Australian mint
- M. cervina – Hart's pennyroyal
- M. citrata – bergamot mint, orange mint
- M. crispata – wrinkled-leaf mint
- M. dahurica – Dahurian thyme
- M. diemenica – slender mint
- M. dulcia 'Citreus' - Hillary's Sweet Lemon
- M. laxiflora – forest mint
- M. requienii – Corsican mint
- M. sachalinensis – Sachalin mint[8]
- M. satureioides – native pennyroyal
- M. vagans – gray mint
Andre «mynter»
[endre | endre wikiteksten]Det finst ei rekkje plantar som har mynte i det norske namnet, men som ikkje høyrer til slekta Mentha:[3]
- Bakkemynteslekta (Acinos)
- Alpemynte (A. alpinus)
- Bakkemynte (A. arvensis)
- Koreamynteslekta (Agastache)
- Koreamynte (A. rugosa)
- Neslekoreamynte (A. urticifolia)
- Kransmynteslekta (Clinopodium)
- Sommarmynte (C. nepeta)
- Kransmynte (C. vulgare)
- Kammynteslekta (Elsholtzia)
- Kammynte (E. ciliata)
- Borremynteslekta (Marrubium)
- Borremynte (M. vulgare)
- Hestemynteslekta (Monarda)
- Hestemynte (M. didyma)
- Røyrhestemynte (M. fistulosa)
- Kattemynteslekta (Nepeta)
- Prydkattemynte (N. ×faassenii)
- Lækjekattemynte (N. cataria)
- Storkattemynte (N. grandiflora)
- Møllekattemynte (N. nuda)
- Hagekattemynte (N. racemosa)
- Sibirkattemynte (N. sibirica)
- Bergmynteslekta (Origanum)
- Bergmynte (O. vulgare)
- Gresk bergmynte eller gresk oregano (O.v. ssp. prismaticum)
- Vill bergmynte eller kung (O.v. ssp. vulgare)
- Bergmynte (O. vulgare)
- Sårmynteslekta (Sideritis)
- Sårmynte (S. montana)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ mynte i Store norske leksikon på snl.no. Henta 14. februar 2009.
- ↑ Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 979–983, 1165.
- ↑ 3,0 3,1 «Artsdatabanken: Namnetre mynteslekta». Artsdatabanken. 2. mars 2023.
- ↑ «Norsk rødliste for arter 2021». Raudlista 2021. Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 2. mars 2023.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 «Fremmedartslista 2018». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 2. mars 2023.
- ↑ USDA GRIN: Mentha cordifolia Opiz ex Fresen.
- ↑ «Mentha spicata, spearmint». RHS Gardening. Royal Horticultural Society.
- ↑ Quattrocchi, Umberto (1999). CRC world dictionary of plant names : common names, scientific names, eponyms, synonyms, and etymology. Boca Raton, FL: CRC Press. s. 1659. ISBN 0849326737.
- Denne artikkelen bygger på «Mynteslekta» frå Wikipedia på bokmål, den 25. juni 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Mentha» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juni 2017.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Stenberg, Lennart og Mossberg, Bo: Gyldendals store nordiske flora. Gyldendal 2007. ISBN 82-521-6029-8, s. 520-521
- Høeg, Ove Arbo, red.; Christphersen, Anne Sofie Wyller; Faarlund, Torbjørn; Lauritzen, Eva Mæhre; Løkken, Sverre; Røssberg, Bjørn Olav; Salvesen, Per H. og Sævre, Rune (1984): Våre medisinske planter, Det Beste A/S, ISBN 82-7010-156-7, s. 216-217
- Grey-Wilson, Christopher; Blamey, Marjorie (1992): Teknologisk forlags store illustrerte flora for Norge og Nord-Europa, oversatt og tilpasset til norsk av Faarlund, Torbjørn; Sundig, Per. Teknologisk forlag. ISBN 82-512-0355-4, s. 344-345
- Nielsen, Harald; Sivertsen, Bente (1979): Giftplanter, J.W. Cappelens forlag. ISBN 82-02-04225-9, s. 115
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) mynteslekta hos Artsdatabanken
- (en) mynteslekta i Encyclopedia of Life
- (en) mynteslekta i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) mynteslekta hos Dyntaxa
- (en) mynteslekta hos ITIS
- (en) mynteslekta hos NCBI
- (en) mynteslekta hos The International Plant Names Index
- (en) mynteslekta hos Tropicos
- (en) Kategori:Mentha – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Mentha – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Mentha – detaljert informasjon på Wikispecies