Musculus serratus posterior inferior
Musculus serratus posterior inferior | |
---|---|
M. serratus posterior inferior er vist i raudt på biletet over dei musklane som knyter overekstremiteten til ryggsøyla. | |
Norsk namn | Den nedre bakre sagmuskelen |
Gray's | subject #117 404 |
Utspring | Ryggtaggane processi spinosi Th11-L2 og ligamentum supraspinale. |
Feste | Underkantane av niande til tolvte ribbein, costae. |
Arterie | Aa. intercostales. |
Nerve | Nn. intercostales T9-T12. |
Rørsle | Trekkjer ned dei nedste ribbeina. |
Musculus serratus posterior inferior (frå latin serrare - «å sage», posterior - «bakre», inferior - «nedre»), på norsk òg kalla den nedre bakre sagmuskelen, er ein muskel som ligg heilt inntil ribbeina i den nedste, dorsale delen av brystkassa.
Anatomi
[endre | endre wikiteksten]M. serratus posterior inferior spring ut frå dei to nedste torakale og dei to øvste lumbare ryggtaggane processi spinosi Th11-L2 og ligamentum supraspinale som ligg som dekkjer til processi spinosi dorsalt. Muskelen startar som eit tynt seneblad som kjem frå lig. supraspinale og ryggvirvlane. Det har òg fibrar blanda med fascia thoracolumbalis. Etter senebladet går muskelen over i muskelbuken som deler seg opp i fire muskelbukar. Han går skrått oppover og lateralt og festar på underkantane av niande til tolvte ribbein med fire muskelbukar som går til kvart sitt ribbein.
Rørsle
[endre | endre wikiteksten]M. serratus posterior inferior trekkjer ribbeina dorsalt og nedover for hjelpe til i roteringa og ekstensjonen av truncus. Når begge musklane kontraherer vil det bidra i forsert ekspirasjon av luft frå lungene.
Fleire bilete
[endre | endre wikiteksten]-
M. serratus posterior inferior sin posisjon.
-
Næranimasjon. M. serratus posterior inferior kjem frå T11-L2 og festar på dei nedre kantane av det 9.-12. ribbeinet.
-
Den lumbare trekanten.