Hopp til innhald

Muhammad Ali av Egypt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Muhammad Ali av Egypt

Fødd4. mars 1769
FødestadKavála
Død2. august 1849
DødsstadAlexandria
EktefelleAmina Hanim, Ayn al-Hayat Khanum
BarnTusun Pasha, Ismail Kamil Pasha, Ibrahīm Bāšā

Muhammad 'Alī Pasha al-Mas'ud ibn Agha blei fødd om lag 1769 i Kavála i Makedonia, som då høyrde til Det osmanske riket, og han døydde den 2. august 1849. Han hadde tittelen wali av Egypt og Sudan, og tok sjølv i bruk tittelen khediv. Han grunnla eit dynasti som herska over Egypt og Sudan fram til midten av 1900-talet, og blir rekna som grunnleggjaren av det moderne Egypt.

Muhammad Ali måla av David Wilkie

Han tok makta i 1805 under kaoset som følgde etter Napoleon sitt felttog i Egypt. Han gjennomførte store økonomiske og administrative reformer i Egypt, forsøkte å industrialisere landet, og førte krig i Sudan, Syria, Hijaz og også mot sin eigen overherre, den osmanske sultanen.

Han døydde i 1849 etter at mesteparten av industrien hadde gått under, og etter å ha gått på militære nederlag som gjorde at Egypt stadig blei meir underordna europeiske makter.