Mont Blanc du Tacul
Utsjånad
Mont Blanc du Tacul | |||
fjell | |||
Nordsida av Mont Blanc du Tacul sett frå Aiguille du Midi
| |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Fjelltype | Granitt | ||
Fjellkjede | Dei graiiske Alpane | ||
Høgd | 4 248 moh. | ||
Lettast tilkomst | Nordvestsida (PD) | ||
Førstestiging | Charles Hudson, Edward John Stevenson, Christopher og James Grenville Smith, E. S. Kennedy, Charles Ainslie og G. C. Joad - 5. august 1855 | ||
Koordinatar | 45°51′23″N 6°53′16″E / 45.85639°N 6.88778°E | ||
Mont Blanc du Tacul 45°51′23″N 6°53′16″E / 45.856388888889°N 6.8877777777778°E | |||
Wikimedia Commons: Mont Blanc du Tacul |
Mont Blanc du Tacul er eit fjell i Mont Blanc-massivet i Dei franske Alpane med ei høgd på 4 248 m. Det ligg midt mellom Aiguille du Midi og Mont Blanc.
Den første offisielle klatringa av Mont Blanc du Tacul vart gjort av Charles Hudson med Edward John Stevenson, Christopher og James Grenville Smith, E. S. Kennedy, Charles Ainslie og G. C. Joad den 5. august 1855. Guidar frå Courmayeur kan derimot ha klatra fjellet allereie i 1854 og 1855 i eit forsøk på å nå Mont Blanc frå den italienske sida.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mont Blanc du Tacul» frå Wikipedia på engelsk, den 18. april 2007.