Hopp til innhald

Mongo Santamaria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mongo Santamaria

Santamaria i 1969
Fødd7. april 1917(1917-04-07)
FødestadHavana i Cuba
Død1. februar 2003 (85 år)
DødsstadMiami i Florida i USA
FødenamnRamón Santamaría Rodríguez
AliasMongo
OpphavCuba
Aktiv1950–2003
SjangerLatin-jazz, soul
InstrumentCongatrommer
Tilknytte artistarLa Lupe, Tito Puente
PlateselskapColumbia Records, Fania Records, Fantasy Records
Verka somMusikar
PrisarBillboard Latin Music Hall of Fame

Ramón «Mongo» Santamaría Rodríguez (7. april 19171. februar 2003) var ein rumba quinto-meister og ein afrokubansk latin-jazz perkusjonist. Han er mest kjend for å ha skrive jazz-standarden «Afro Blue», spelt inn av mellom andre John Coltrane. I 1950 flytta han til New York der han spelte med Perez Prado, Tito Puente, Cal Tjader, Fania All Stars, og fleire andre. Han var ein viktig del i å blande afrokubanske rytmar med R&B og soul, og bana veg for boogaloo-tida seint i 1960-åra. Utgåva hans av Herbie Hancock sin «Watermelon Man» vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 1998.

Mongo Santamaría var ein av få kubanske congueros («congaspelarar») som kom til USA i 1940- og 1950-åra. Andre kjende congueros som kom til USA i denne tida var Armando Peraza, Chano Pozo, Francisco Aguabella, Julito Collazo, Carlos Vidal Bolado og Modesto Durán. Mange reknar Santamaría som den bete conga-spelaren på 1900-talet.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Afro-Cuban Drums SMC Pro-Arte 592 (1952)
  • Drums and Chants (Changó) Vaya CD 56 (1954)
  • Tambores y Cantos (1955)
  • Yambu: Mongo Santamaria y Sus Ritmos Afro Cubano (1958)
  • Mongo Fantasy phonorecord 3291 (1959) med den første innspelinga av «Afro-Blue».
  • Afro Roots (Yambú, Mongo) Prestige CD 24018-2 (1958, 1959)
  • Our Man in Havana (1959)
  • Mongo en La Habana (1960) med Carlos Embale og Merceditas Valdés
  • Sabroso! (1960) – med tresero Andrés Echeverría
  • Go, Mongo! (1962)
  • Watermelon man! (1963) (Battle Records)
  • Mongo At The Village Gate (1963) (Riverside Records)
  • El Bravo! (1964)
  • La Bamba (1965)
  • Pussy Cat (1965)
  • «Hey! Let's Party» (1967)
  • Soul Bag (1968)
  • Afro-American Latin (1969)
  • Stone Soul (1969)
  • Mongo´70 (1970)
  • Feelin' Alright (1970)
  • Mongo's Way (1971)
  • Up From the Roots (1972)
  • «Fuego» (1972)
  • Ubané (1974) med Justo Betancourt på vokal[1]
  • «Afro-Indio» (1975)
  • Sofrito (1976)
  • Amanecer (1977) – vann ein Grammy
  • A La Carte (1978)
  • Red Hot (1979)
  • Summertime (1981) med Dizzy Gillespie og Toots Thielemans
  • Images (1980)
  • Soy Yo (1987)
  • You Better Believe It (1979)
  • Mambo Mongo (1993)
  • Mongo Returns (Milestone Records, 1995)
  • Conga Blue (1995)
  • Come on Home (1997)
  • Mongo Santamaria (1998)

Som sidemann (utval)

[endre | endre wikiteksten]

med Dizzy Gillespie

  • Afro (Norgran, 1954)

med Lalo Schifrin

  • Che! (Tetragrammaton, 1969)