Hopp til innhald

Miracle Mirror

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Miracle Mirror
Studioalbum av Golden Earring
Språk engelsk
Utgjeve 1968
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 34:05
Selskap Polydor
Produsent Fred Haayen
Golden Earring-kronologi 
Winter-Harvest
(1967)
Miracle Mirror On the Double
(1969)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 stars [1]

Miracle Mirror er det tredje studioalbumet til det nederlandske rockebandet Golden Earring, gjeve ut i 1968.

Rytmegitaristen Peter De Ronde hadde slutta i gruppa innan dette albumet vart spelt inn, og frontmannen og songaren Frans Krassenburg var blitt erstatta av Barry Hay.[1] Som dei to førre albuma deira, Just Earrings og Winter Harvest reflekterte Miracle Mirror tydeleg det som gjekk føre seg i det britiske musikkmiljøet på denne tida med mykje preg av psykedelisk rock, og til dels folkrock i musikkstilen deira.[1]

Allmusic skreiv om albumet: «Om du kan nemne ei lydmessig nyskaping frå 1967, så var det truleg ein stad på Miracle Mirror, men det som ikkje hadde endra eg for The Golden Earrings var den solide låtskrivinga til bassisten Rinus Gerritsen og gitaristen George Kooymans og den solide jobben dei gjorde i studio. Sjølvtilliten og kjensla av eventyrlyst som var på dei to første albuma, var i full blomst her, og om det er augneblink på Miracle Mirror som høyrest noko pretensiøse ut i dag, var instinkta til Golden Earrings stort sett heilt riktig det meste av tida, og dette albumet har klart tidstesten betre enn mange andre verk frå den første syre-tida.»

Alle songane er skrivne av Gerritsen og Kooymans.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«The Truth About Arthur»2:54
2.«Circus Will Be in Town in Time»3:25
3.«Crystal Heaven»3:50
4.«Sam and Sue»1:41
5.«I've Just Lost Somebody»3:05
6.«Mr. Fortune's Wife»3:15
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Who Cares?»3:44
8.«Born a Second Time»2:38
9.«Magnificent Magistral»2:43
10.«Must I Cry?»2:16
11.«Nothing Can Change This World of Mine»3:22
12.«Gipsy Rhapsody»3:19
Bonusspor på 2009-utgåva
Nr.TittelLengd
13.«Sound of the Screaming Day» 
14.«She Won’t Come to Me» 
15.«Together We Live, Together We Love» 
16.«I Wonder» 
17.«Dong-Dong-Di-Ki-Di-Gi-Dong» 
18.«Wake Up Breakfast» 
19.«Just a Little Bit of Peace in My Heart» 
20.«Remember My Friend» 

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]