Mesa Verde nasjonalpark
Utsjånad
Mesa Verde nasjonalpark | |||
nasjonalpark | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Mesa Verde nasjonalpark 37°15′37″N 108°29′40″W / 37.260375°N 108.494444°W | |||
Wikimedia Commons: Mesa Verde National Park |
Mesa Verde (av spansk for 'grønt bordfjell') er ein 212 km² vid nasjonalpark sørvest i delstaten Colorado i USA, ei 50 kilometer vest om småbyen Durango. Nasjonalparken vart oppretta i 1906 og vernar ikring 4000 arkeologiske minne etter det førkolumbiske anasazi-folket. Mesa Verde er særleg kjend for dei mange berghusa, bygt under berghamrar på 1100-1200-talet. Etter langvarige turkeperiodar og sosial uro, utvandra anasazi-folket kring 1285 sørover til område i Arizona og New Mexico.
Mesa Verde er den einaste nasjonalparken i USA som er verna grunngjeve med det arkeologiske verdet. År 1978 vart nasjonalparken innlemma på UNESCO si verdsarvliste.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mesa-Verde-Nationalpark» frå Wikipedia på tysk, den 27. august 2020.