Hopp til innhald

Mary Wollstonecraft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mary Wollstonecraft

Pseudonym Mr. Cresswick
Statsborgarskap Kongeriket Storbritannia
Fødd 27. april 1759
Spitalfields, London
Død

10. september 1797 (38 år)
Somers Town, London

Yrke omsetjar, filosof, historikar, romanforfattar, essayist, guvernante, forretningsdrivande, reiseforfattar, barnebokforfattar
Sjanger feminisme
Religion deisme, Den anglikanske kirke, unitarisme
Far Edward John Wollstonecraft
Mor Elizabeth Dixon
Ektefelle William Godwin, Gilbert Imlay
Born Mary Shelley, Fanny Imlay
Mary Wollstonecraft på Commons
Portrett av Mary Wollstonecraft av John Opie, no i Tate-galleriet.

Mary Wollstonecraft (27. april 175910. september 1797) var ein britisk feminist, forfattar og filosof. Ho hevda at både menn og kvinner skulle sjåast på som rasjonelle vesen og at samfunnet skulle byggjast på fornuft. Ho er sett på som ein grunnleggjar av feministisk filosofi som tidleg tok opp fornedringa av kvinner og at dei burde ha dei same rettane som menn.

I A Vindication of the Rights of Men (1790) kritiserte ho Edmund Burke og tok stilling for den franske revolusjonen. Den best kjende boka hennar er A Vindication of the Rights of Woman (1792), der ho gjekk sterkt ut mot den rådande oppfatninga om at kvinner var naturleg underlegne menn, men framstod slik på grunn av manglande utdanning. Wollstonecraft dreiv sjølv ein jenteskole og skreiv Thoughts on the Education of Daughters (1787). Etter at ho døydde gav enkjemannen hennar ut memoarane hennar, Memoirs of Mary Wollstonecraft (1798). For nordbuar er ho også kjend for Letters Written in Sweden, Norway and Denmark (1796), omsett som Min nordiske reise, basert på ei reise i Skandinavia i 1795.

Wollstonecraft er blitt kjend ikkje berre for dei nyskapande tankane og skriftene sine , men også for det uvanlege og til tider stormfulle livet sitt. Etter to utanomekteskapelege tilhøve til Henry Fuseli og Gilbert Imlay gifta Wollstonecraft seg med filosofen William Godwin, ein tidleg anarkist. Dotter deiar, Mary Shelley, blei seinare kjend for romanen Frankenstein. Wollstonecraft døydde i barsel 38 år gammal og etterlet seg ei rekke uferdige manuskript.

Spire Denne samfunnsartikkelen som har med filosofi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.