Marinette County
Marinette County er eit fylke i den USA-amerikanske delstaten Wisconsin. Det ligg nordaust i staten ved Michigansjøen og det grensar mot Oconto County i sørvest, Forest County i vest og mot Florence County i nordvest. Fylket grensar også mot delstaten Michigan i nordaust.
Marinette Countys totale areal er 4 015 km², av dette er 384 km² vatn. I 2000 hadde fylket 43 384 innbyggjarar. Administrasjonssenteret ligg i byen Marinette som òg er fylkets største by.
Fylket har namn etter byen Marinette som i sin tur er oppkalla etter ei handelskvinne på 1800-talet som var dotter av ein fransk-canadisk pelsjeger og ei menominee-kvinne.
Norsk innvandring
[endre | endre wikiteksten]Frå 1880 og ei knapt tjue år framover utvandra ein heil del sunnmøringar til Marinette, aller flest frå Ørsta. Dei fann sysselsetting som tømmerhoggarar eller på dei mange sagbruka.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Standal, Ragnar: Mot nye heimland, Volda 1985
- Denne artikkelen bygger på «Marinette County» frå Wikipedia på bokmål, den 30. oktober 2009.