Man of the World av Fleetwood Mac
Man of the World Singel av Fleetwood Mac | ||
A-side |
«Man of the World» | |
---|---|---|
B-side |
«Somebody's Gonna Get Their Head Kicked In Tonite» | |
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 4. april 1969 | |
Innspelt | Januar 1969 | |
Sjanger | Bluesrock | |
Lengd | 2:51 | |
Selskap | Immediate | |
Låtskrivar(ar) | Peter Green | |
Fleetwood Mac-kronologi | ||
«Albatross» (1968) |
Man of the World | «Oh Well» (1969)
|
«Man of the World» er ein song av Fleetwood Mac frå 1969, skriven av vokalisten og sologitaristen Peter Green. Han kom først ut som singel i fleire land i 1969, og vart sidan gjeven ut på Greatest Hits i 1971. Han vart seinare gjeven ut i 1992 i plateboksen 25 Years – The Chain, og på samlealbuma The Very Best of Fleetwood Mac og The Best of Peter Green's Fleetwood Mac. Ein litt annleis versjon av songen vart gjeven ut i 1998 på samleplata The Vaudeville Years.
Komposisjon og utgjeving
[endre | endre wikiteksten]
I guess I've got everything I need
Peter Green (1969)
|
«Man of the World» er ein song om ein mann som har alt han ønskjer seg, utanom kvinna i hans liv. Songen går i D-dur og endar på ein D stor sekst-akkord.
Singelen nådde andreplassen på den britiske singellista den 7. juni 1969, og låg i alt 14 veker inne på lista. Han nådde òg topp 5 i Noreg og Irland og ein 12. plass i Nederland den 26. april 1969.
Han vart ikkje gjeven ut som singel i USA før 1976, på DJM Record. B-sida var då ein annan song.[1][2] Han har òg blitt gjeven ut i mange andre land som ein 'Golden Oldies'-singel.
Opphavleg B-side («Somebody's Gonna Get Their Head Kicked In Tonite»)
[endre | endre wikiteksten]Den første B-sida til den originale «Man of the World»-singelen var «Somebody's Gonna Get Their Head Kicked In Tonite», tilskriven Earl Vince and the Valiants – men i røynda Fleetwood Mac under eit anna namn. Songen vart skriven og sungen av Jeremy Spencer, det einaste medlemmet i bandet som ikkje var med på A-sida. Songen vart sidan spelt av det tidlege, britiske punkbandet The Rezillos på debutalbumet Can't Stand the Rezillos.
Andre stader
[endre | endre wikiteksten]Songen vart nytta av Ian Broudie som grunnlaget for songen «I Wish I Was in Love» på The Lightning Seeds-albumet Tilt. Denne songen står oppført med Peter Green som medlåtskrivar.
Songen vart nytta i filmen Loser i 2002 og filmen The Damned United i 2009.
Ein versjon av songen vart nytta i ein reklamekampanje mot alkohol og bilkøyring i Irland i 2000 og 2002.
Songen vart òg nytta for This is England '86 under avsluttinga av den første episoden i september 2010.
Midge Ure spelte inn ein versjon av songen for albumet 10 i 2008.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Peter Green – vokal, gitar
- Danny Kirwan – gitar
- John McVie – bassgitar
- Mick Fleetwood – trommer
- Jeremy Spencer – vokal, gitar (berre B-sida)
Lister
[endre | endre wikiteksten]- Storbritannia - 2. plass
- Noreg - 4. plass
- Irland – 5. plass
- Sør-Afrika – 11. plass
- Nederland – 12. plass
- Sverige – 12. plass
- Tyskland – 23. plass.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Man of the World (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mai 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- "Man of the World" på Discogs (liste over utgjevingar)