Malm i Helsingfors
Utsjånad
Malm (finsk Malmi) er ein bydel i Helsingfors i Finland. Han består av bustadsområda Övre Malm, Nedre Malm, Staffansslätten og Mosabacka og dessutan industriområdet Tattaråsen og Malms flygfält. Det var 27 839 innbyggjarar i Malm i 2008. I Malm ligg også Helsingfors-Malm lufthamn.
Malm var administrativt sentrum for Helsinge kommune, men området vart i 1946 overført til Helsingfors. Dei første høghusa kom på 1960-talet, men først på 1980-talet vart Malm sentrum utbygd.
Helsingfors-Malm lufthamn var Helsingfors' hovedflyplass fram til 1952 då Helsingfors-Vanda lufthamn opna. Det finst planar for å stenga flyplassen, men ein beslutning er enno ikkje teke.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Malm (Helsingfors)» frå Wikipedia på bokmål, den 5. januar 2016.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |