Macao
Macao | |||
澳門 | |||
spesiell adminstrativ region | |||
|
|||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Del av | Aust-Asia, European Union tax haven blacklist, Folkerepublikken Kina | ||
Hovudstad | Santa Nome de Deus de Macau | ||
Areal | 115,3 km² | ||
Folketal | 682 100 (2021)[1] | ||
Språk | portugisisk, kantonesisk | ||
Tidssone | UTC +8 | ||
Retningsnummer | +853 | ||
Domene | .mo | ||
Macao 22°11′24″N 113°32′17″E / 22.19°N 113.53805555556°E | |||
Kart som viser Macao.
| |||
Wikimedia Commons: Macau |
Macao, eller Macau,[a] er ein adminstrativ region på ei lita halvøy i sørlege Kina, 65 km vest for Hongkong. Hovudstaden er Santa Nome de Deus de Macau.
Namn
[endre | endre wikiteksten]På mandarin heiter Macao ogso Àomén (澳門). Macao er elles kjend som Magok (媽閣廟), Haojing'ao (壕鏡澳), Xiangshan'ao (香山澳) og Liandao (蓮島 «Lotusøya»).
Soge
[endre | endre wikiteksten]Macao vart grunnlagd som ein portugisisk koloni i 1557 og vart eit viktig handelssentrum. Staden miste mykje av statusen då britane grunnlagde Hongkong like attved. Etter den portugisiske revolusjonen i 1974 oppretta Kina og Portugal diplomatisk samband og byrja forhandla om statusen åt Macao. I 1979 vart Macao eit kinesisk territorium under portugisisk forvaltning. Etter fleire tingingar i 1987 vart det slutta at Macao skulle gjevast til Kina i 1999, med di det vart eit særskilt administrativt område.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Macao ligg på den vestre sida av vika der Perlefloda (Zhujiang) munner ut i Sørkinahavet. Macao er, attåt halvøya, to øyar, Taipa og Coloane. Størstedelen av Macao er utbygd. Der finst ikkje fossar eller elvar, og difor er vatn ei mangelvara.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Turisme er den viktigaste delen i økonomien. Kasinoverksemda står for nesten helvta av innkomene. Andre næringar er tekstilindustri og fyrverkeriproduksjon.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Offisielt namn: kinesisk 中華人民共和國澳門特別行政區, portugisisk Região Administrativa Especial de Macau da República Popular da China, engelsk Macao Special Administrative Region of the People's Republic of China.