Ma'adim Vallis
Utsjånad
Ma'adim Vallis (latin for Ma'adimdalen) er ein dal på Mars. Han har opphavet sitt nær grensa mellom låg- og høglanda på Mars og munnar ut i Gusev-krateret.
Ma'adim Vallis er 20 kilometer brei og 2 kilometer djup og ein av dei største dalane på Mars utanom Marinerdalane. Vest for dalen ligg Terra Cimmeria og i aust ligg Terra Sirenum.[1][2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Kart hjå Gazetteer of Planetary Nomenclature (kartbladet «MC-23 Aeolis»)
- ↑ Kart hjå Gazetteer of Planetary Nomenclature (kartbladet «MC-16 Memnona»)