Hopp til innhald

MS «Ulvik»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karriere  Noreg
Namn: MS «Ulvik»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Verft: Bergens mek. Verksteder i Bergen
Verftsnummer: 402
Sjøsett: 1952
Teke ut av teneste: 1972
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LJWB
Generelle mål
Type: Passasjerskip
Tonnasje: 424 bruttotonnregister, 206 nrt
Lengd: 142,2 fot (43,3 m)
Breidd: 27,0 fot (8,2 m)
Djupgang: 10,5 fot (3,2 m)
Installert effekt : 600 bhk
Framdrift: 4cyl. 2T EV DM (Wichmann Motorfabrikk)
Karriere  Storbritannia
Namn: MS «Miss Albro»
Eigar: Leslie Alston (Albro Ltd.)
Sett i teneste: 1972
Heimehamn: Ipswich
Karriere  Caymanøyane
Namn: MS «Ulvik Hevea Transport»
Eigar: Hevea Transport Ltd.
Sett i teneste: 1982
Heimehamn: Georgetown
Generelle mål Etter ombygging i 1982
Tonnasje: 490 bruttotonnregister, 322 nrt
Karriere  Panama
Namn: MS «Ulvik Hevea Transport»
Eigar: Hevea Transport Ltd.
Sett i teneste: 1985
Karriere  Vanuatu
Namn: M/Fi «Powerful Viking»
Eigar: Tuna-Pac (CI) Inc.
Sett i teneste: 1997
Heimehamn: Port Vila
Lagnad: Framleis i fart
Karriere  Cookøyane
Namn: M/Fi «Powerful Viking»
Eigar: Tuna-Pac (CI) Inc.
Sett i teneste: 2005
Heimehamn: Rarotonga
Lagnad: Framleis i fart

M/S «Ulvik» er eit motorskip bygt i 1952 for Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap og var i drift for selskapet fram til 1972, då det vart selt til utlandet.

I desember 1972 vart skipet seld til Leslie Alston (Albro Ltd.) i Ipswich i Storbritannia og fekk namnet «Miss Albro». I 1982 vart det seldt vidare til Hevea Transport Ltd. i GeorgetownCaymanøyane og vart ombygd med namnet «Ulvik Hevea Transport»

I 1985 vart registreringshamna overført til Panama, og i 1997 vart skipet selt til Tuna-Pac (CI) Inc. i Port Vila i Vanuatu. Ho vart då ombygd til fiskeskøyte med fryserom for tunfisk og fekk namnet M/Fi «Powerful Viking». I 2005 vart registreringshamna endra til RarotongaCookøyane. I 2011 var skipet enno i fart.