Lyngholmfjorden
Utsjånad
64°34′24.640″N 11°20′6.5184″E / 64.57351111°N 11.335144000°E Lyngholmfjorden er ein fjord i Namsos kommune i Trøndelag. Han ligg på søraustsida av øya Jøa mellom fjordane Seierstadfjorden i nord, Lauvøyfjorden i sør og Raudsunda i vest.
Fjorden har ei lengd på om lag 2,5 km og startar i nord ved Vedøya. I sør endar han ved Lyngholmen som ligg midt i fjorden.