Ludwigsburg
Ludwigsburg | |
---|---|
Residensslottet i Ludwigsburg | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Baden-Württemberg Stuttgart Ludwigsburg |
Grunnlagd | Byrjinga av 1700-talet |
Ordførar | Matthias Knecht |
Geografi | |
Flatevidd - By |
43,33 km² |
Innbyggjarar - By (2012) - folketettleik |
88 200 2 036/km² |
Koordinatar | 48°54′0″N 9°12′0″E / 48.90000°N 9.20000°E |
Høgd over havet | 295 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 71634-71642, 71672 |
Telefon-retningsnummer | 07141, 07144 |
Bilnummer | LB |
Heimeside: www.ludwigsburg.de |
Ludwigsburg er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 88 000 innbyggjarar. Byen er sete for ein landkreis med same namn og ligg om lag 12 km nord for sentrum av Stuttgart.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Sentrale delar av Neckarland, der Ludwigsburg ligg, var busett i steinalderen og bronsealderen, og ein har funne mange arkeologiske funn rundt i byen frå tida då keltarar budde her.
Mot slutten av det 1. hundreåret okkuperte romarane området. Dei pressa grensa lenger aust rundt år 150, og kontrollerte området fram til 260, då alemannarane erobra Neckarland.
Ludwigsburg har sitt opphav frå byrjinga av 1700-talet (1718-1723) då det største barokke slottet i Tyskland vart bygd, Residenzschloss Ludwigsburg, under hertug Eberhard Ludwig. Opphavleg planla hertugen berre eit ferieslott, som han byrja på i 1704. Men etter å ha sett andre fyrstar gjere det same, ville han opprette ein by som han kunne styre på sin autokratiske måte.
I åra mellom 1730 og 1800 skifta slottet eigarar fleire gonger mellom Stuttgart og Ludwigsburg. I 1800 vart Württemberg okkupert av Frankrike under Napoleon Bonaparte og vart tvinga med i ein allianse. I 1806 vart kurfyrsten Friedrich konge av Württemberg. I 1812 vart hæren i Württemberg danna for å delta i Napoelon sitt feltog i Russland. Dei fleste av soldatane overlevde ikkje.
I 1921 vart Ludwigsburg den største garnisonen sørvest i Tyskland.
Under den andre verdskrigen vart byen berre moderat råka, samanlikna med mange andre tyske byar. 1 500 innbyggjarar mista livet. Ein krigsfangeleir kalla Stalag V-A låg i byen frå oktober 1939 til april 1945.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ludwigsburg» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juni 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Barockerlebnis, slott og museum i Ludwigsburg Arkivert 2018-05-14 ved Wayback Machine.
- Ludwigsburg Virtuell, informasjon om Ludvigsburg Arkivert 2007-02-05 ved Wayback Machine.