London Borough of Islington
Utsjånad
London Borough of Islington | |||
bydel | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Region | Stor-London | ||
Areal | 14,8565 km² | ||
Folketal | 239 142 (2018)[1] | ||
London Borough of Islington 51°32′30″N 0°06′08″W / 51.541666666667°N 0.10222222222222°W | |||
Wikimedia Commons: London Borough of Islington |
Islington er ein bydel i London. Han grensar mot City of London i sør, Hackney i aust, Camden i vest og Haringey i nord. Bydelen blei oppretta i 1964 ved at Islington og Finsbury blei slått saman.
Det er store sosiale kontrastar i bydelen; omkring 55 % av innbyggjarane bur i bustader eigd av det offentlege, medan det midt blant desse finst hus verdt meir enn tre millionar pund. Islington har eit av dei største bevarte georgianske bustadområda.
Bydelen er kjent for sine restaurantar og butikkar, men i størst grad for Arsenal FC, som har sin heimebane Emirates Stadium i Holloway.
To av dei største fengsla i London, Pentonville og kvinnefengslet Holloway, ligg i Islington.
Stader i Islington
[endre | endre wikiteksten]- Archway, Angel
- Barnsbury
- Canonbury, Clerkenwell
- Farringdon (dels i City of London), Finsbury
- Highbury, Holloway
- Islington
- Kings Cross
- Lower Holloway
- Pentonville
- Tufnell Park
- Upper Holloway, inkludert Archway
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Islington Council
- Weather forecast for Islington Arkivert 2005-04-24 ved Wayback Machine.