Lomboksundet
Lomboksundet | |||
sund | |||
Land | Indonesia | ||
---|---|---|---|
Lomboksundet 8°30′00″S 115°50′00″E / 8.5°S 115.83333333333°E | |||
Lomboksundet søraust for Bali
| |||
Wikimedia Commons: Lombok Strait |
Lomboksundet er eitt sund mellom dei indonesiske øyane Bali og Lombok, og er ei sjølei mellom Indiahavet og Balihavet. Sundet er på det smalaste 18 kilometer breitt, og om kring 60 kilometer langt.
Lomboksundet er omkring 250 meter djupt,[1] og vert derfor nytta som alternativ farlei av skip som er for djuptgåande for Malakkasundet på veg mellom Indiahavet og Stillehavet.
Sundet utgjer ei del av ei skarp biogeografiske grenselinje mellom faunaen i Søraust-Asia og den australske regionen, ei skiljelinje som vert kalla Wallacelinja.[2] Biologar trur det var djupna på sundet som skilde dyra som fanst på kvar side frå kvarandre.[3] Då havnivået gjekk ned under istida i pleistocen hadde øyane Bali, Java og Sumatra alle samband til det asiatiske fastlandet.[3] Dei fekk ein asiatisk fauna. Det djupe vatnet i Lomboksundet heldt Lombok og Dei små Sundaøyane skilde frå det asiatiske fastlandet. Desse øyane vart i staden koloniserte av australasiatisk fauna.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Susanto, R. Dwi; Leonid Mitnik; Quanan Zheng (desember 2005). «Ocean Internal Waves Observed in the Lombok Strait» (PDF). Oceanography 18: 83. doi:10.5670/oceanog.2005.08. Arkivert frå originalen (PDF) 9 October 2011. Henta 16 May 2008.
- ↑ Van Oosterzee, Penny (1997). Where worlds collide : the Wallace line. Kew, Vic.: Reed. ISBN 0-7301-0470-2. OCLC 38218451.
- ↑ 3,0 3,1 aresetar (12. januar 2011). «Pleistocene Sea Level Maps». Field Museum (på engelsk). Henta 31. mai 2021.
- ↑ Dawkins, Richard (2005). The ancestor's tale : a pilgrimage to the dawn of life. Yan Wong. London: Phoenix. ISBN 978-0-7538-1996-8. OCLC 60794544.
- Denne artikkelen bygger på «Lomboksundet» frå Wikipedia på svensk, den 6. januar 2011.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Lombok Strait» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juni 2023.