Live From Madison Square Garden av Eric Clapton og Steve Winwood
Live From Madison Square Garden Konsertalbum av Eric Clapton & Steve Winwood | ||
Utgjeve | 19. mai 2009 | |
Innspelt | 25. til 28. februar 2008 | |
Sjanger | Blues/Rock | |
Lengd | 129:09 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Eric Clapton-kronologi | ||
Complete Clapton (2007) |
Live From Madison Square Garden | Clapton (2010) |
Steve Winwood-kronologi | ||
Nine Lives (2008) |
Live From Madison Square Garden |
|
Live from Madison Square Garden er eit dobbelt konsertalbum av Eric Clapton og Steve Winwood som kom ut 19. mai 2009[1]. Albumet består av konsertopptak frå konsertane til Clapton og Winwood i Madison Square Garden i februar 2008.
Konsertane vart ikkje marknadsførte som offisielle Blind Faith-konsertar, men som «Winwood and Clapton». Dei spelte derimot hovudsakleg Blind Faith-songar, samt utval av songar frå Traffic, Derek and the Dominos, solokarrieren til Clapton og nokre Jimi Hendrix-songar. Bandet bestod av Willie Weeks på bass, Ian Thomas på trommer og Chris Stainton på klaverinstrument.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Winwood og Clapton kryssa musikalske stiar i 1969 då dei danna Blind Faith, eit band som var pionerar innan blandinga av rock og blues og som vart ein stor suksess både på plate og på konsertar. Trass i kritikarros og høge salstal, varte ikkje bandet lenge og gav berre ut eitt album og gjorde ein kort turne i 1969. Sidan den siste konserten i 1969 har Winwood og Clapton vore vener, men har berre spelt i lag eit fåtal gonger i løpet av åra. I 2008 var det første gong Clapton og Winwood spelte heile konsertar i lag på nesten 40 år.
Turne
[endre | endre wikiteksten]Den 11. februar 2009 annonserte paret at dei skulle vitja 14 byar i USA, og turneen starta 10. juni 2009 i East Rutherford i New Jersey. Med seg på turneen hadde dei Chris Stainton (klaverinstrument), Willie Weeks (bass), Abe Laboriel, Jr. (trommer), samt korvokalistane Sharon White og Michelle John.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Had to Cry Today» | Steve Winwood | 7:47 |
2. | «Low Down» | J.J. Cale | 4:10 |
3. | «Them Changes» | Buddy Miles | 5:10 |
4. | «Forever Man» | Jerry Williams | 3:33 |
5. | «Sleeping in the Ground» | 4:50 | |
6. | «Presence of the Lord» | Eric Clapton | 5:23 |
7. | «Glad» | Steve Winwood | 4:13 |
8. | «Well All Right» | Jerry Allison/Buddy Holly/Joe Mauldin/Norman Petty | 5:35 |
9. | «Double Trouble» | Otis Rush | 8:06 |
10. | «Pearly Queen» | Jim Capaldi/Steve Winwood | 6:10 |
11. | «Tell the Truth» | Eric Clapton/Bobby Whitlock | 6:42 |
12. | «No Face, No Name, No Number» | Jim Capaldi/Steve Winwood | 4:09 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «After Midnight» | J.J. Cale | 4:45 |
2. | «Split Decision» | Joe Walsh/Steve Winwood | 6:25 |
3. | «Rambling on My Mind» | Robert Johnson | 4:01 |
4. | «Georgia on My Mind» | Hoagy Carmichael/Stuart Gorrell | 5:05 |
5. | «Little Wing» | Jimi Hendrix | 6:42 |
6. | «Voodoo Chile» | Jimi Hendrix | 16:23 |
7. | «Can't Find My Way Home» | Steve Winwood | 5:33 |
8. | «Dear Mr. Fantasy» | Jim Capaldi/Steve Winwood/Chris Wood | 7:41 |
9. | «Cocaine» | J.J. Cale | 6:41 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Live from Madison Square Garden (Eric Clapton and Steve Winwood album)» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: