Leuk
Utsjånad
Leuk | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | Valais | ||
Distrikt | Leuk | ||
Språk | tysk | ||
Borgarmeister | Roberto Schmidt | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
44,16 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
3 381 76,6 /km² | ||
Koordinatar | 46°17′0″N 7°38′0″E / 46.28333°N 7.63333°E | ||
Høgd over havet | 731 moh. | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 3953 | ||
Nettstad: www.leuk.ch |
Leuk (fransk Loèche-Ville) er ein kommune i distriktet Leuk i kantonen Valais i Sveits. Kommunen har 3 381 innbyggjarar (2010) og eit areal på 44 km². Kommunesenteret ligg 731 meter over havet.
Kommunen ligg ved Gemmipasset og var derfor ein strategisk stad i romerske Raetia. Varmekjeldene i Leukerbad ligg like nord for Leuk, nedanfor passet. Leuk er setet i distriktet Leuk.
Kommunen ligg ovanom høgresida av Rhône, mellom Daladalen og elva Feschelbach. Byen er omgjeven av vingardar. Han består av landsbyen Leuk-Stadt, slottet, landsbyen Susten på venstrebreidda av Rhône og grendene Brianen, Feithieren, Gampinen og Pfyn.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Leuk» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mars 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Coolidge, William Augustus Brevoort (1911). «Leuk». Encyclopædia Britannica (på engelsk) 16 (11. utg.). s. 504.