Hopp til innhald

Leoben

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leoben i 2009

Leoben er ein by og ein kommune i distriktet Leoben i forbundslandet Steiermark i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 107,7 km² og i overkant av 24 500 ibuarar. Byen Leoben ligg i fjelldalen Murtal, 541 meter over havet. Leoben er eit lokalt industrielt senter med bryggeriet Göss og smelteverket Donawitz som dei største sysselsetjarane.