Leif Gunnar Smerud (fødd 24. januar1977) er ein norsk tidlegare fotballspelar, no fotballtrenar og psykolog. Sidan 1. januar 2011 har Smerud vore hovudtrenar i Hønefoss Ballklubb. Han tok laget opp til Tippeligaen på første forsøk, og vart for dette kåra til årets unge trener av Norsk Fotballtrenerforening. I 2009 var han assistenttrenar for Norges kvinnelandslag i fotball som tok bronse i EM i Finland. Han har tidlegare vore hovudtrenar for Mandalskameratene og Vikings jr-elite lag. Smerud er utdanna psykolog frå Københavns Universitet, og han har òg bakgrunn frå Norges Idrettshøgskole. Han har UEFA-A-lisens, og har heldt mange foredrag- og kurs for idrett og næringsliv.