Lars Olsson Kolbeinstveit
Lars Olsson Kolbeinstveit | |||
| |||
Fødd | 15. august 1800 Suldal kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 14. april 1876 (75 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | bonde, politikar | ||
Barn | Njeld Larsen Kolbenstvedt | ||
Alle verv |
|
Lars Olsson Kolbeinstveit (15. august 1800–14. april 1876) var ein norsk gardbrukar, lensmann, ordførar og stortingsmann frå Suldal. Njeld Kolbenstvedt var sonen hans.
Kolbeinstveit var son til ein gardbrukar. Hans einaste skulegang skal ha vore undervisning kvar laurdag hos presten i Suldal, elles lærde han seg sjølv ved sjølvstudium. Frå han var ei 16 år gammal, voks han opp hos Pål Bakke i Suldal. Sidan arva han garden etter denne og dessutan tre andre gardar av ein anna slektning. Sjølv var han gardbrukar på farsgarden Kolbeinstveit. Ei kort tid var han lensmann i Suldal.
Kolbeinstveit var den fyrste ordføraren i Suldal. Han var ordførar 1838-45, 1850-55 og 1860-61. Elles forlikskommissær og fleire kommunale verv.
Kolbeinstveit var stortingsrepresentant for Stavanger amt i 1839, 1848-58. I 1839 var han medlem av konstitusjonskomiteen og lovkomiteen. 1848-58 var han medlem av Lagtinget, medan han i 1848 var medlem av justiskomite nr 1, og 1851-58 av gasje og pensjonskomiteen.
Han døydde på Sand i Ryfylke i 1876.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Lars Olsson Kolbeinstveit NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv