Langfjorden i Loppa
Utsjånad
70°11′34.015″N 21°48′15.941″E / 70.19278194°N 21.80442806°E
Langfjorden | |||
fjord | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Loppa kommune | ||
Langfjorden 70°12′49″N 21°47′23″E / 70.2135°N 21.7897°E |
Langfjorden (nordsamisk Stuoravuotna) er ein fjord i Loppa kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 12 km sørover til Langfjordhamn i botn av fjorden og er ei fortsetjing av Bergsfjorden som kjem sørover langs austsida av øya Silda.[1]
Fjorden har innløp mellom Marøya i vest og Vindholmen i aust like sør for bygda Bergsfjord. Frå Bergsfjord går det ferje til Sør-Tverrfjord som ligg på vestsida litt lenger sør. På austsida av fjorden går fjordarmen Nordre Tverrfjorden austover. Innover i fjorden frå Sør-Tverrfjord er det ingen busetnader før den veglause grenda Langfjordhamn inst i fjorden. Den inste delen av fjorden vert kalla Stuoravuonbahta.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Langfjorden på Norgeskart.no frå Statens kartverk