Lanarkshire
Utsjånad
Lanarkshire | |||
grevskap | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Del av | Skottland | ||
Folketal | 1 003 726 (2011) | ||
Lanarkshire 55°35′00″N 3°50′00″W / 55.583333333333°N 3.8333333333333°W | |||
Det tidlegare grevskapet Lanarkshire i Skottland.
| |||
Wikimedia Commons: Lanarkshire |
Lanarkshire eller County of Lanark (skotsk-gælisk Siorrachd Lannraig) er eit tradisjonelt grevskap i Skottland. Det ligg sentralt i Lowlands (Midlands Valley), sør for Stirlingshire og ein del av Dunbartonshire, sørvest for West Lothian, vest for Peeblesshire, nord for Dumfriesshire og søraust for Ayrshire og Renfrewshire. Glasgow er ein del av Lanarkshire.
Lokalt styre
[endre | endre wikiteksten]I 1975 blei det lokale styret for Lanarkshire erstatta av regionsstyret for Strathclyde-regionen. I 1996 blei denne vidare erstatta ved ei reform der Lanarkshire blei delt i områda North Lanarkshire, South Lanarkshire og City of Glasgow.
North Lanarkshire og South Lanarkshire har i dag eit utbreidd samarbeid, mellom anna innen manntalføring, helse og anna.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lanarkshire» frå Wikipedia på engelsk, og «Lanarkshire» frå Wikipedia på bokmål den 8. januar 2017.