Løparen Bronisław Malinowski
Løparen Bronisław Malinowski | |
Statsborgarskap | Polen |
Fødd | 4. juni 1951 Nowe |
Død |
27. september 1981 (30 år) |
Yrke | langdistanseløpar, friidrettsutøvar |
Språk | polsk |
Høgd | 182 centimeter |
Løparen Bronisław Malinowski på Commons |
Bronisław Malinowski (4. juni 1951–27. september 1981) var ein polsk friidrettsutøvar. Han vart europameister i 3 000 meter hinder i 1974 og 1978, og olympisk meister i same øvinga i 1980. Malinowski var polsk rekordhaldar på 3 000 m hinder med 8.09,1 og på 5 000 m med 13.17,6, begge oppnådd i 1976-sesongen. Han var oppkalla etter den samnemnde, verdskjende sosialantropologen.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Ettersom det var hard konkurranse om ein plass på tremanns-laget mellom dei polske hinderløparane deltok Malinowski ved friidretts-EM 1971 i Helsinki på 5 000 meter, der han kom på åttandeplass og sette polsk rekord med 13.39,4. Få veker etter EM vann Malinowski hinderløpet i landskampen Finland-Polen og tangerte den ferske polske rekorden til Kazimierz Maranda på 8.28,2, også det på olympiastadion i Helsinki.
Den 10. august 1972 var Malinowski nær ved å tangere verdsrekorden til Kerry O`Brien på 3 000 m hinder, då han i landskampen Polen-Frankrike vart klokka inn til 8.22,2, fattige to tidels sekund over rekordtida. Vel tre veker seinare vart han fjerdemann i hindertevlinga under sommarleikane 1972 i München.
I 1974-sesongen forbetra Malinowski den polske hinderrekorden fleire gongar. Fyrste gongen til 8.21,2, deretter til 8.20,4 og ytterlegare til 8.19,2. Under europameisterskapen lukkast han å halde favoritten Anders Gärderud bak seg på oppløpssida og vann gullmedaljen på tida 8.15,0, eitt sekund bak verdsrekorden til Ben Jipcho. Same året forbetra Malinowski også den polske rekorden på 5 000 m til 13.28,0.
Dei to neste sesongane kjempa Malinowski og Gärderud om å vere den fremste hinderløparen i verda. Rivaliseringa vart avslutta med at Malinowski tok sølvmedaljen i Sommar-OL 1976, der Gärderud vann gullet og sette verdsrekord med 8.08,0, Malinowski fekk 8,09,1 i sluttid i sitt livs snøggaste hinderløp. Tidlegare i OL-sesongen gjorde han også sin beste 5 000 m då han på Stockholm stadion kom i mål på 13.17,6, polsk rekord det òg.
I 1978 forsvarte Malinowski EM-tittelen på 3 000 m hinder. Men høgdepunktet for Malinowski kom under sommarleikane 1980 i Moskva, då han sikra seg gullmedaljen i 3000 m hinder, etter å ha hengt på løpsleiaren Filbert Bayi og lett spurta frå tanzanianaren på sisterunden.
Malinowski omkom 30 år gammal i eit bilkrasj på ei bru i Grudziądz, ei bru som i dag er oppkalla etter han.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 1971 i Helsinki: Nr 8 på 5 000 m – 13.39,4
- OL 1972 i München: Nr 4 i 3 000 m hinder – 8.28,0
- EM 1974 i Roma: Gullmedalje i 3 000 m hinder – 8.15,0, framom Anders Gärderud (8.15,4)
- OL 1976 i Montreal: Sølvmedalje i 3 000 m hinder – 8.09,1, bakom Anders Gärderud (8.08,0)
- EM 1978 i Praha: Gullmedalje i 3 000 m hinder – 8.15,0, framom Patriz Ilg (8.16,9)
- OL 1980 i Moskva: Gullmedalje i 3 000 m hinder – 8.09,7, framom Filbert Bayi (8.12,5)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Friidrott, aktuelle årgangar.
- Denne artikkelen bygger på «Bronisław Malinowski (Leichtathlet)» frå Wikipedia på tysk, den 21. september 2016.
- Einskildmenn
- Fødde i 1951
- Døde i 1981
- Polske hekkeløparar
- Langdistanseløparar
- Europameistrar i friidrett for Polen
- Olympiske meistrar for Polen
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Polen
- Polske deltakarar under sommar-OL 1972
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1976
- Polske deltakarar under sommar-OL 1976
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1980
- Polske deltakarar under sommar-OL 1980
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980
- Døde i trafikkulukker