László Tábori
László Tábori | |
Statsborgarskap | USA, Ungarn |
Fødd | 6. juli 1931 Košice |
Død | 23. mai 2018 (86 år) Los Angeles |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1956 |
Utmerkingar | Bislett-medaljen |
László Tábori (fødd 6. juli 1931 i Košice, død 23. mai 2018) var ein ungarsk tidlegare friidrettsutøvar som utvandra til USA. Han tevla spesielt i mellom- og langdistanseløp.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]László Tábori tok til å satsa aktivt på friidretten i 1950-åra. Den 6. september 1955 deltok han i 1500 meter på Bislett stadion i Oslo. Både Tábori og dansken Gunnar Nielsen tangerte verdsrekorden på 1500 meter som tilhøyrte ungarske Sándor Iharos: 3,40.8.[1][2]
Dei einaste olympiske leikane Tabori deltok i, var Sommar-OL 1956 i Melbourne. Leikane fann stad samtidig med den blodige oppstanden i Ungarn, og var difor ei vanskeleg tid for ungararane. Sándor Iharos deltok ikkje i Melbourne-OL, og ein annan ungarsk storfavoritt rauk ut før finalen. Tábori kvalifiserte seg derimot til 1500 metersfinalen der han kom på ein respektabel fjerdeplass. Han deltok også i 5000 meter og enda på sjetteplass.
László Tábori kom aldri tilbake til Ungarn etter leikane, men reiste til USA, der han slo seg ned i Los Angeles. Av di han korkje kunne delta for Ungarn eller for USA i 1960, fekk han ikkje delta i det neste OL. Han deltok heller ikkje i fleire store internasjonale tevlingar. László Tábori var sidan aktiv som friidrettstrenar i USA.[3]
I 1990 var László Tábori ein av ni idrettsutøvarar som vart tildelt Bislett-medaljen for historiske idrettsbragder på Bislett stadion.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «László Tábori» frå Wikipedia på engelsk, den 10. september 2012.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ IAAF si statistikkhandbok, 2009
- ↑ "Så nær, så nær et dansk EM-gull på 1500 meter", arkivert frå originalen 16. oktober 2015, henta 10. september 2012
- ↑ Tábori si offisielle treningsnettside.