Hopp til innhald

Kvalsafari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Folk ser på den kjende sørkaper-kvalen Ludo ved Valdes-halvøya.
Kvalkikking ved kysten av Bar Harbor i Maine.
Knølkvalar og sjøløver i Monterey Bay i 2013.
Knølkval og brunepelikanar utanfor Avila Beach i California.

Kvalsafari er ein praksis som går ut på å observera kvalar og delfinar i det naturlege habitatet deira. Observering av kval er for det meste ein fritidsaktivitet, men kan òg ha vitskaplege og/eller pedagogiske føremål.[1] I ein studie laga for International Fund for Animal Welfare i 2009 blei det anslått at 13 millionar menneske drog på kvalsafari globalt i 2008. Kvalsafari genererer kring 2,1 milliardar dollar i inntekter frå turisme over heile verda, og rundt 13 000 har det som levebrød.[2] Storleiken og den raske veksten i næringa har ført til komplekse og tilbakevendande debattar med kvalfangstindustrien om den beste bruken av kvalar som naturressurs.

Organiserte kvalsafariar byrja i USA, då Cabrillo National Monument i San Diego blei erklært ein offentleg stad for å observera migrasjonen til gråkvalar. Skodet tiltrekte seg 10 000 vitjande det fyrste året, 1950.[1] I 1955 byrja dei første turane på havet i same område, med ein pris på ein dollar per tur for å sjå kvalane på nærare hald.[1] Denne næringa spreidde seg over heile vestkysten av USA i løpet av det neste tiåret.[1]

I 1971 byrja Montreal Zoological Society den fyrste kommersielle kvalsafariaktiviteten på austsida av Nord-Amerika, med tilbod om reiser i St. Lawrence-elva for å sjå på finn- og kvitvalar.[1] På midten av 1970-talet hadde fangst av levande dyr til akvarium redusert talet på spekkhoggarar i kystfarvatna i British Columbia og Washington, særleg den sørlege populasjonen. Ifølgje moderne vitskaplege omtalar byrja byrja kommersielle kvalsafariar å bli ein alternativ måte å sjå og verdsetja spekkhoggarar på frå 1980-talet.[3] I 1984 gav Erich Hoyt, som hadde brukt mykje tid kring spekkhoggarar i British Columbia, ut den fyrste omfattande boka om kvalkikking, The Whale Watcher's Handbook. Mark Carwardine kalla boka ein «naturleg klassikar» i bladet BBC Wildlife.[4]

I 1985 hadde fleire vitjande sett på kvalar frå New England enn i California. Den raske veksten i dette området er blitt tilskriven den relativt tette populasjonen av knølkvalar, med sine akrobatiske oppførslar som å hoppa ut av vatnet og slå vassoverflata med halen som begeistra tilskodarar, og nærleiken til kvalpopulasjonane til dei store byane der.[5]

Turismen kring kvalsafari har auka markant sidan midten av 1980-talet. Den fyrste oversikta frå heile verda som har teke for seg næringa blei utført av Hoyt for Whale and Dolphin Conservation Society (WDCS) i 1992. Denne blei oppdatert i 1995 og gjeven til dei britiske styresmaktene til møta til den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) som ein demonstrasjon av verdien av levande kvalar.[5] I 1999 bad International Fund for Animal Welfare (IFAW) Hoyt om eit nytt oversyn, som kom ut i 2001.[5] I 2009 blei undersøkinga gjennomført av eit lag av økonomar, og deira rapporten estimerte at i 2008 var 13 millionar menneske på kvalsafari, opp frå 9 millionar ti år tidlegare. Det finst kommersielle kvalsafariverksemder i 119 land. Direkte inntekter av frå denne verksemda blei estimert til 872,7 millionar dollar og indirekte inntekter i turismerelaterte verksemder til 2,113,1 millionar dollar.[6]

Kvalsafari er særleg viktig for utviklingsland. Kystland har byrja å dra nytte av nærværet til kvalane, og dette har auka støtta blant folk om å verna desse dyra mot kommersiell kvalfangst og andre trugsmål, som bifangst eller skipskollisjonar, ved hjelp av marine verneområde og fristadar. I 2007 støtta Humane Society International ei rekkje treff for å introdusere kvalkikking til kystområde i Peru, og gav Hoyt i oppdrag til å skriva eit utkast for høgkvalitets- og berekraftig kvalkikking.[7] Denne handboka, som seinare blei omsett til spansk, fransk, indonesisk, japansk, kinesisk og nederlandsk, med tilleggsstøtte frå WDCS, IFAW og Global Ocean, blei oppdatert på engelsk i 2012 i ebokform.[7]

Kvalsafarioperatør som fortel om kvalar og vern av dei.
Eit døme på å vera for nær ein kval.

Den raske veksten i talet på kvalsafariar og storleiken på fartøya ein nytter til desse turane kan påverka kvalar, migrasjonssyklus og paringssyklusar. Det er no sterke bevis for at kvalturisme kan påverka biologien og økologien til kvalar og delfinar.

Miljøvernaktivistar som er uroa for det dei reknar som den korttenkte vinningsmentaliteten til nokre båteigarar, har halde fram med å be alle kvalsafarioperatørar om å retta seg etter lokale forskrifter som styrer kvalsafari. Det finst ikkje noko internasjonalt standardsett av forskrifter på grunn av den store variasjonen i artar og populasjonar. Dei felles reglane er:

  • Minimer fart
  • Unngå plutseleg svinging
  • Minimer støy
  • Ikkje forfølg, omringa eller kom mellom kvalar
  • Nærm deg mot dyra frå ein vinkel der dei ikkje blir overraska
  • Kom i hug den kumulative effekten - minimer talet på båtar til ei kvar tid
  • Ikkje tving delfinar til å symja langsmed baugen
  • Ikkje sym med delfinar. (Denne siste regelen er meir kontroversiell og blir ofte oversett i, til dømes, Karibia.) I New Zealand tillet reglane i Marine Mammals Protection Act at ein sym med delfinar og selar, men ikkje med unge delfinar eller ei gruppe delfinar som inkluderer unge delfinar.[8]

(Kjelde: Whale and Dolphin Conservation)

Kvalsafari i El Vizcaíno, med folk som prøver å koma i kontakt med dyret. Denne praksisen er ikkje anbefalt av dei fleste kvalkikkarar.

I Uruguay, der ein kan sjå kvalane frå land, har lovgjevarane utnemnd territorialfarvatna i landet som ein fristad for kvalar og delfinar.[9] Det er ulovleg å vera mindre enn 300 meter frå ein kval.

Kvalsafariar blir haldne i mange ulike stader og klima. Etter område er dei:

Atlanterhavet og Indiahavet

[endre | endre wikiteksten]

Sør-Afrika

[endre | endre wikiteksten]
Brydekval i False Bay i Sør-Afrika

I Sør-Afrika er byen Hermanus eit av dei største sentera for kvalkikking. Mellom mai og desember kjem sørkaperar så nær Cape-kysten at vitjande kan sjå kvalar frå hotella sine. Byen har ein «kvalutropar» som går gjennom byen og fortel at det er sett kval.

Ein kan sjå kvalar i Hermanus frå klippene, frå ein båt eller frå lufta. Ein kan ta båtturar på kvalsafari frå hamn i Hermanus frå juni til midten av desember. Port Elizabeth har båtbaserte kvalsafariar ut av hamna som gjer at ein kan sørkaperar frå juli til november, knølkval frå juni til august og november til januar, og brydekval heile året, på nært hald. Ein kan òg sjå knølkvalar frå fyrtårnet ved kapp Recife (vestpunktet til Algoabukta), og sørkaperar frå utsiktspunkt langs kysten. Kvalsafari med båt (og delfinsafari) er òg ein populær turistattraksjon i fleire andre kystbyar i Sør-Afrika, som Plettenbergbukta, der industrien er knytt til naturvern og utdanning gjennom frivillige grupper. Plettenbergbukta blir vitja av sørkaperar i vintermånadene og knølkval i sommarmånadene. Brydekvalar er her heile året.[5] Det andre kjente senteret for kvalkikking er False Bay. Turar dreg ut frå Gordon's Bay og følgjer kysten rundt bukta. Her kan ein også sjå spekkhoggar i vintermånadene. Grindkval og dvergspermkval kan også vitja staden. Det finst fleire delfinarter her, som Cephalorhynchus heavisidii. Dei same turane omfattar også kvithai på Seal Island og kappingvinkolonien i Simon's Town.

Sørvest-Atlanteren - Argentina, Brasil og Uruguay

[endre | endre wikiteksten]
Brydeskval i Baia de Castelhanos nord for Sao Paulo i Brasil

I Brasil kan ein sjå knølkvalar ved Salvador i Bahia og i Abrolhos nasjonale marinepark under paringsperioden i den australske vinteren og våren. Ein kan også sjå sørkaperar frå kysten i Santa Catarina og Espírito Santo i same sesongen. Mødrer med kalvar kan koma så nær som 30 meter frå land. Inntekter frå kvalkikking styrkar kystsamfunnet og har gjort byen Imbituba til den brasilianske «kvalhovudstaden».

I Argentina finn ein den største paringspopulasjonen av sørkaperar ved Valdéshalvøya i Patagonia om vinteren, med over 2000 katalogisert av Whale Conservation Institute og Ocean Alliance.[10] Regionen omfattar seks naturreservat, og er rekna som ein av dei fremste kvalkikkarstadane i verda, særleg rundt byane Puerto Pirámides og Puerto Madryn, ettersom kvalane kan koma så nært som 200 meter frå hovudstrendene der, og spelar ei stor rolle i den store økoturismen i regionen.[5]

I Uruguay kan ein sjå sørkaperar frå stranda i to kystdepartement – Maldonado og Rocha – frå juni til november.[11] Stadene ein ser flest kvalar frå er Punta Colorada, Punta Negra, Playa Mansa og Punta Salinas i Punta del Este, og strendene ved i Rocha ved La Paloma og La Pedrera.[12]

Nordaust-Atlanteren

[endre | endre wikiteksten]
Spekkhoggarar sett frå Å i Lofoten.
Kval ved Asorane.

Tidvassund, innsjøar, laguner og varierande temperaturar av vatnet gjev ulike habitat for fleire kvalartar. Det finst større tal langs kystane av Storbritannia, Irland, Island, Skandinavia, Portugal, Spania og Frankrike. Ferje som kryssar Biscayabukta frå Storbritannia og Irland på veg til Spania og Frankrike, går ofte forbi enorme blåkvalar og mykje mindre niser. Landbaserte turar kan ofte også sjå desse dyra.

Utanfor sørkysten av Irland kan ein jamleg sjå knølkval og finnkval på organiserte turar mellom juli og februar. Artar ein kan sjå heile året inkluderer vågekval, spekkhoggar, niser, gulflankedelfin, tumlarar og arrdelfin. Det finst òg ei gruppe tumlarar i Shannonestuaret som trekk til seg turistar året rundt. Chanonry Point er ein av dei beste stadane i Storbritannia til å sjå tumlarar.[13] Delfinane er synlege frå stranda, særleg når tidvatnet kjem inn og dei leikar og fiskar i dei sterke straumane.

I Nord-Noreg (Nordland og Troms) er spekkhoggarar å sjå i Vestfjorden, Tysfjorden, Ofotfjorden og Andfjorden når silda samlar seg i fjordane om vinteren, og utanfor Lofoten om sommaren. På Andenes på Andøya i Vesterålen og rundt Krøttøya i Troms kan ein observera spermkval året rundt. Det blir halde sommarturar frå mai til september og vinterturar for å sjå spekkhoggar og knølkval frå oktober til april. Tromsø tilbyr òg kvalsafari etter spermkval og andre kvalar. Kontinentalhylla Eggakanten og djupvatnet der spermkvalar samlar seg, er svært nær kysten, og byrjar berre 7000 meter frå Andenes hamn.

I Portugal er det mogleg å sjå kval i Algarve. Lagos og Portimão er dei viktigaste stadene å sjå kval frå. Artar ein kan sjå i dette området er finnkval, spekkhoggar og grindkval, og tumlar, gulflankedelfin og stripedelfin. I midten av Nordaust-Atlanteren, kring Madeira, Asorane og Kapp Verde, har kvalsafari vore i vekst på grunn av auka vern og informasjon. Ein av dei vanlegaste kvalane i desse områda er spermkval, særleg i grupper av fødande hoer.

I Spania kan ein sjå kvalar langs Gibraltarsundet, Biscayabukta og frå Kanariøyane. Tarifa er den viktigaste byen å sjå kval frå ved Gibraltarsundet. Denne inngangen til Middelhavet er også eit møtepunkt mellom kaldt vatn frå nord og tropisk, varmare vatn frå Africa, og er ei god rute for migrerande kvalar. Artar ein kan sjå i dette området er tumlar, gulflankedelfin og stripedelfin, og grindkval, spermkval, finnkval og spekkhoggar. Ved Kanariøyane er det mogleg å sjå desse og andre artar, som blåkval, nebbkvalar, halvspekkhoggar og brydekval, i tillegg til flekkdelfin (Stenella frontalis), nebbdelfin (Steno bredanensis) og arrdelfin (Grampus griseus).

På Island er det mogleg å sjå kvalar i Eyjafjörður, Breiðafjörður, Skjálfandi og Faxaflói. Byar som tilbyr kvalsafari er Dalvík, Hauganes, Húsavík, Akureyri, Hólmavík, Grundarfjörður og Reykjavík. Dei vanlegaste kvalane er vågekval, knølkval, blåkval, spermkval og spekkhoggar, i tillegg til kvitnos og nise.

Nordvest-Atlanteren

[endre | endre wikiteksten]
Knølkval som bryt i Stellwagen Bank National Marine Sanctuary. Dette er oppførsel som er vanleg i området.

I New England og ved austkysten av Long Island i USA er kvalkikkingsesongen typisk frå midten av våren til oktober, avhengig av både vêr og stad. Ein kan ofte sjå knølkval, finnkval, vågekval og den svært truga og sterkt verna nordkaperen. I generasjonar har områda som Mainebukta og Stellwagen Bank National Marine Sanctuary vore viktige etestader for desse artane. Mange område ved austkysten er rike på sil og annan god mat som mødrer kan læra ungane sine å eta.[5]

Kvalsafari nær Tadoussac.

I Aust-Canada finst det mange kvalsafariutflukter i Newfoundland og Labrador, Nova Scotia og New Brunswick. Ein finn tjueto ulike artar kval og delfin i farvatna kring Newfoundland og Labrador, med knølkval, vågekval, finnkval, kvitkval og spekkhoggar som dei vanlegaste. Eit annan populært område å sjå kval i er i Tadoussac i Quebec, der kvitkval nyttar dei særs djupe havområda og blandinga av kaldt ferskvatn frå Saguenay-elva til den indre delen av St. Lawrence-bukta. Bay of Fundy er ein like viktig matestad for store bardekvalar og dusinvis av andre skapningar av havet; han deler ein populasjon av migrerande knølkvalar med USA og er ein kjend stad for morkvalar å vera med kalvar om sommaren.[5]

På austkysten av USA, ved Virginia Beach i Virginia, er kvalsafari en vinteraktivitet frå slutten av desember til midten av mars. Det blir arrangert båtturar av Virginia Aquarium og Marine Science Center.[14] Dei fleste kvalane ein ser er ungdommar som held til nær utløpet til Chesapeake Bay, der det er overflod av mat, medan dei vaksne dyra fortset til Karibia for å para seg. Foreldra plukkar opp ungane sine på vegen tilbake til nord der heile familien held til om sommaren.

Ein økoturismeguide står på ein kajakk og ser delfinar og manatar, rundt Lido Key.

Økoturisme basert på kajakkturar er blitt populært i varmare område som Sarasota Keys i Florida. Guida kajakkturar tar kajakkpadlarar med gjennom det lokale økosystemet. Ein kan sjå delfinar bryta og manatar eta sjøgras i grunne sjøvatn.[15]

Området rundt Virginia er òg ein kjend migrasjonskorridor for den truga nordkaperen. Gravide hoer må gjennom dette området rundt desember for å koma til fødeområda sine langs kysten av Georgia og Florida. Vatna mellom Delmarva-halvøya og barriereøyane som strekkjer seg sørover mot Nord-Florida blir overvaka for kvalar kvar vinter og vår.

I Det karibiske havet kan ein observera kring 25 artar, som knølkval, spermkval, nebbkval og mange andre små kvalar. Ein viktig stad for dette er Samaná-bukta i Den dominikanske republikken, ein kjend stad for knølkvalar til å para seg. Caribwhale og Caribbean Whale Watch Association omfattar mange operatørar som driv med berekraftig kvalkikking, i tillegg til ekspertar, naturvernarar og forskingsgrupper som International Fund for Animal Welfare, Dalhousie University og Association Evasion Tropicale.

Nord-Indiahavet

[endre | endre wikiteksten]

På sør- og austkysten av Sri Lanka og Maldivane er industrien i vekst. Om vinteren og sommaren kryssar pygméblåkval og spermkval forbi sørkysten kanten av øyane og migrerer til varmare vatn i Søraust-Asia..Ein kan sjå mange pygméblåkvalar ved Dondra-neset på Sri Lanka. Blåkval og visse typar delfin kan ein sjå i havet ved Mirissa på Sri Lanka. Det er rapportert mange observasjonar frå november til april.

Nord-Middelhavet

[endre | endre wikiteksten]

I Pelagos-reservatet for marine pattedyr i Middelhavet, som ligg i havområda tik Italia, Frankrike og Monaco, finst det åtte arter av marine pattedyr. Dei fleste er der året rundt.[16] Det blir ofte arrangert kvalsafariar frå hamnene i Genoa og Imperia i Liguria i Nord-Italia.

Stillehavet

[endre | endre wikiteksten]

Det austlege Stillehavet - Colombia, Ecuador og Panama

[endre | endre wikiteksten]
Knølkvalar i Uramba Bahía Málaga National Natural Park i Colombia, som blir sett på som favorittstaden for kvalane til å føda ungar sine, noko som gjer det til ein turistdestinasjon.

I Colombia blir byane Bahía Solano og Nuquí vitja av store tal knølkval frå slutten av juli til byrjinga av oktober.[17] I den sørlege delen av Costa Rica har Marino Ballena nasjonalpark to årstider der kvalane kjem.

I Panama blir øygruppa Perleøyane vitja av eit estimert tal på 300 knølkvalar frå slutten av juni til slutten av november. Dette er blitt ein stor attraksjon for kvalsafariar som byrjar i Panama by. I Chiriquíbukta, verdsarvstaden Coibaøya og øyar nær byen Boca Chica er det også høve til å sjå kvalar. Isla Iguana nær Pedasi er no eit populær reisemål for kvalsafarituristar.

I Ecuador er det mange stader ein kan sjå knølkval frå juni til september, mellom anna Isla de la Plata (også kalla Litle Galapagos) og Salinas, ved spissen av Santa Elena-halvøya.[5]

Nordast-Stillehavet - Mexico og USA

[endre | endre wikiteksten]
Spekkhoggarsafari i Monterey Bay.
Knølkvalar i Juneau i Alaska.

På vestkysten av Canada og USA kan ein sjå mykje kval i Alaska (sommarstid), British Columbia og San Juan-øyane/Puget Sound i Washington, der ein kan sjå kval frå land nesten kvar dag, året rundt.[18] Ein kan sjå tre typar orkagruppe i det nordaustlege Stillehavet: fastbuande, flyktige vitjande og offshore.[19][20]

I Mexico blir ulike lagunar i Baja California Sur nytta til paring av gråkvalar i februar og mars.[21][22] Ein kan sjå knølkval frå den sørlege spissen av Baja California, frå Puerto Vallarta i Jalisco på vestkysten av Mexico, og frå Barra de Potosi på sørkysten av den meksikanske delstaten Guerrero.[23][24][25] Nokre byar i Mexico feirar at kvalen kjem med festivalar som Guerrero Negro i fyrste halvdel av februar, og i San Blas den 24. og 25 februar.[26]

Vest-Stillehavet - Aust- og Søraust-Asia

[endre | endre wikiteksten]

Mange land i Asia har store næringar for å sjå på kvalar. I 2008 var dei største nasjonane i høve til tal på turistar Kina, Taiwan og Japan. India, Kambodsja, Hong Kong, Indonesia, Filippinane og Maldivane har òg mogleik for å sjå delfinar og nokre kvalar. Den kinesiske delfinkikkinga er nesten heilt fokusert på Sanniang-bukta i Guangxi. Taiwan har fleire kvalkikkinghamner på austkysten. Japan har ei rekkje kval- og delfinkikkingsverksemder på alle dei viktigaste øyane og Okinawa, Zamami, Ogasawara, Mikura-Jima og Miyake-jima.[27]

Filippinane kan ein sjå over tretti artar av kval og delfin rundt Pamilacan ved dei sentrale Visayaøyane, Davao-bukta, den nordlege kysten av provins-øya Babuyan i Batanas, Pasaleng-bukta og Malampaya-sundet på Palawan. Nokre tidlegare kystkvalfangarsamfunn på Filippinane har òg byrja å få inntekter frå kvalsafari.[28]

Sørvest-Stillehavet - New Zealand og Australia

[endre | endre wikiteksten]
Kval ved Kaikoura i desember 2000.
Photo of whales at surface with buildings in the background
Eit par knølkvalar sett ved Gold Coast i Queensland.

Kaikōura på New Zealand er ein verdskjent stad å sjå kval frå. Havområda rundt Kaikōura støttar eit rikt sjøliv, og inntektene til byen kjem stort sett kjem frå turisme knytt til kvalsafariar og symjing med eller rundt delfinar. Kvalkikking ved byen har utvikla seg raskt, og Kaikōura er no ein industrileiar, kanskje den mest utvikla i verda. Byen hadde gått inn i tilbakegang etter at den newzealandske kvalfangsten kollapsa. Den nylege utviklinga av kvalturisme er blitt brukt til å tala for fordelen med å sjå på kvalar i staden for å jakta på dei.

Sunshine Coast og Hervey Bay i Queensland i Australia tilbyr ofte gode vilkår for observering av sørlege knølkvalar frå slutten av juni til slutten av november kvart år. Kvalane kviler gjerne her før migrasjonen sin. Tala og aktiviteten til kvalane har auka markant i dei siste åra.   Sydney, Eden, Port Stephens, Narooma og Byron Bay i New South Wales er andre populære stader for turar frå mai til november.

Sørleg knølkval utanfor Cheynes i Vest-Australia.

I Vest-Australia kan ein sjå kvalar nær Cape Naturaliste i det søraustlege Indiahavet og ved Kap Leeuwin, der India- og Sørishavet møter kvarandre.

I Sørishavet er det mange stader å sjå kvalar, både på land og ombord på skip. Albany på sørkysten av Vest-Australia er byen der den siste landbaserte kvalfangststasjonen på den sørlege halvkula var plassert, og huser no ein blomstrande kvalsafarinæring. I Victoria er ein populær stad Logan's Beach i Warrnambool, og i havet ved Port Fairy og Portland.[29] I Tasmania kan ein sjå kval langs heile austkysten og til og med på Derwentelva.[30] I Sør-Australia kan ein sjå kvalar i Great Australian Bight Marine Park og nærare Adelaide ved Victor Harbor.[31]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Hoyt, E. 2009. Whale watching. I Encyclopedia of Marine Mammals, 2nd Edition (Perrin, W.F., B. Würsig and J.G.M. Thewissen, red.) Academic Press, San Diego, CA., pp1219-1223.
  2. O’Connor, S., Campbell, R., Cortez, H., & Knowles, T., 2009, Whale Watching Worldwide: tourism numbers, expenditures and expanding economic benefits, a special report from the International Fund for Animal Welfare, Yarmouth MA, US, prepared by Economists at Large. http://www.ifaw.org/whalewatchingworldwide [daud lenkje]
  3. Ford, John K.B.; Ellis, Graeme M.; Balcomb, Kenneth C. (2000). Killer Whales: the natural history and genealogy of Orcinus orca in British Columbia and Washington (2nd utg.). Vancouver, BC: UBC Press. s. 97. ISBN 9780774808002. 
  4. Carwardine, M. 1995. Natural Classic, BBC Wildlife, July, s. 79.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 5,7 Hoyt, E. 2001. Whale Watching 2001: Worldwide Tourism Numbers, Expenditures, and Expanding Socioeconomic Benefits. International Fund for Animal Welfare, Yarmouth Port, MA, US, pp. 1-157.
  6. «Whale Watching Worldwide». Henta 14 May 2015. 
  7. 7,0 7,1 Hoyt, E. 2012. Whale Watching Blueprint – I. Setting up a marine ecotourism operation. Nature Editions, North Berwick, Scotland [[[International Standard Book Number|ISBN]] 978-1-908732-00-2 (eBook)]
  8. Marine Mammals Protection Regulations 1992 § 20(b)
  9. «Uruguay Becomes a "Sanctuary for Whales and Dolphins" · Global Voices». Henta 11. juli 2016. 
  10. http://www.oceanalliance.org Arkivert 2015-03-04 ved Wayback Machine. Ocean Alliance website
  11. «5 of the best places to whale-watch in Uruguay» (på engelsk). Henta 11. juli 2016. 
  12. «Descubriendo Uruguay – Montevideo Portal». Henta 11. juli 2016. 
  13. Independent 18 July 2009; Sea Watch Foundation; & many UK dolphin watching guides
  14. «Whale Watching in Virginia Beach brings giant thrills.». Henta 14 May 2015. 
  15. «Kayak Coasting, SRQ Magazine(2015)». Henta 2. april 2017. 
  16. Hoyt, E. 2011. Marine Protected Areas for Whales, Dolphins and Porpoises: A World Handbook for Cetacean Habitat Conservation and Planning. Earthscan/Routledge and Taylor & Francis, London and New York, 464pp. + 13pp prelims + 12pp plates ISBN 978-1-84407-763-2
  17. «The Pacific». Arkivert frå originalen 31. august 2014. Henta 14 May 2015. 
  18. «Orca Network». Henta 26 October 2022. 
  19. «Orca Network». Henta 26 October 2022. 
  20. «Killer Whales, Killer Sounds: How Noise Pollution is Harming Killer Whales». Eagle Wing Tours. 5. januar 2015. 
  21. Kramer, Jennifer. «Best Baja Whale Watching». Henta 23. november 2018. 
  22. Amerson, Alicia; Parsons, E.C.M. (March 2018). «Evaluating the sustainability of the gray-whale-watching industry along the pacific coast of North America». Journal of Sustainable Tourism (på engelsk) 26. doi:10.1080/09669582.2018.1449848. 
  23. Crampton, Vincent (3. august 2018). «Man tripping in Cabo San Lucas». OrlandoSentinel.com (på engelsk). Henta 23. november 2018. 
  24. Sorensen, Gary (20. oktober 2018). «Have a whale of a time in Maui or Puerto Vallarta». The Spectrum & Daily News (på engelsk). Henta 23. november 2018. 
  25. Paterson, Kent (april 2018). «Whale-watch boom raising hopes in Mexico» (PDF). EcoAméricas. Henta 23. november 2018. 
  26. Quintanar Hinojosa, Beatriz (august 2007). «Oaxaca: jubilo de los sentidos». Guía México Desconocido: Oaxaca 137: 8. 
  27. O’Connor, S., Campbell, R., Cortez, H., & Knowles, T., 2009, Whale Watching Worldwide: tourism numbers, expenditures and expanding economic benefits, a special report from the International Fund for Animal Welfare, Yarmouth MA, US, prepared by Economists at Large. http://www.ecolarge.com/work/whale-watching-worldwide/
  28. «WWF-Philippines». Arkivert frå originalen 4. april 2015. Henta 14 May 2015. 
  29. «Whale Spotting». Arkivert frå originalen 14. september 2014. Henta 6. april 2018. 
  30. «Tourism Tasmania :: Whales & Dolphins». Arkivert frå originalen 18. august 2014. Henta 6. april 2018. 
  31. «Where to see whales and dolphins in the wild». Commonwealth of Australia. Arkivert frå originalen 27. januar 2014. Henta 11. januar 2010. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kvalsafari