Kristian Friis Petersen
Kristian Friis Petersen | |||
| |||
Fødd | 17. september 1867 Namsos | ||
---|---|---|---|
Død | 5. april 1932 (64 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, advokat, embetsperson | ||
Alle verv |
|
Kristian Friis Petersen (7. september 1867–5. april 1932) var ein norsk sakførar, stortingsmann og statsråd frå Namsos. Petersen representerte Venstre på Stortinget.
Petersen var son til ein fut. Han vart student frå Ålesund skule i 1886 og cand. jur. i 1891. Etter embetseksamen var han i to år sorenskrivarfullmektig for Søre Sunnmøre. Han slo seg deretter ned som overrettssakførar i Ålesund. Frå 1913 var han sorenskrivar i Nordre Sunnmøre.
Petersen var einmannskrinsen Ålesund og Molde sin representant på Stortinget i periodane 1906-09 og 1913-15. I den fyrste valbolken var han sekretær i justiskomiteen, i den andre var han formann i same. Frå 31. januar 1913 var han president i Odelstinget og dessutan medlem av valkomiteen. Han var ordførar i Ålesund 1911-12.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Kristian Friis Petersen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1867
- Døde i 1932
- Norske handelsministrar
- Norske sosialministrar
- Venstrestatsrådar
- Statsrådar i Regjeringa Knudsen II
- Stortingsrepresentantar 1907-1909
- Stortingsrepresentantar 1913-1915
- Stortingsrepresentantar for Ålesund og Molde
- Stortingsrepresentantar frå Venstre
- Ordførarar i Ålesund
- Venstreordførarar i Møre og Romsdal
- Fylkesmenn i Hordaland
- Norske advokatar
- Folk frå Namsos
- Folk frå Ålesund