Kragerø
Kragerø | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark | ||
Kommune | Kragerø | ||
Areal | 3,34 km² | ||
Folketal | 5 405 (2023) | ||
Folketettleik | 1 618 / km² | ||
Postnummer | 3770 KRAGERØ | ||
Preposisjon | i Kragerø | ||
Kragerø 58°52′10″N 9°24′50″E / 58.86958333°N 9.41388889°E | |||
Wikimedia Commons: Kragerø (city) |
Kragerø er ein tettstad og administrasjonssenter i Kragerø kommune i Telemark fylke med 5 405 innbyggjarar per 1. januar 2023, og ligg om lag 6 mil sørvest for Skien og 8 mil nordaust for Arendal.
Kragerø er ein tidlegare kjøpstad, og er kjend for sine lange kunstnartradisjonar. Kjende kunstnarar som har budd i Kragerø er Edvard Munch (som kalla han «perla blant kystbyane»), Christian Krogh (som syntest at «denne byen burde målast» då han kom hit) og Erik Werenskiold.
Kragerø har stor turisttrafikk sommarstid. Tettstaden har ein variert og allsidig industri med snautt 900 sysselsette i 2002. Målt etter mengd sysselsette er dei største bransjane verkstad-, metallvare- og elektroindustri, grafisk industri (trykkeriet Naper) og farmasøytisk industri (Weiders Farmasøytiske). I tillegg er det litt foredling av tre og trevareindustri som gjer bruk av lokale råemne. Innan utdanning har Kragerø ein vidaregåande skule.
Avisa Kragerø Blad Vestmar er lokalavis i Kragerø.
Historikk
[endre | endre wikiteksten]Kragerø ligg ytst på Kragerøhalvøya (eller Kalstadhalvøya) mellom Kilsfjorden og Hellefjorden. Levanghalvøya i sør, Skåtøy og fleire andre store øyar gir lune hamner i desse fjordane. Herifrå vart det skipa trelast allereie på 1500-talet. I byrjinga av 1600-talet er Kragerø nemnd som ladestad under Skien, men i 1666 fekk staden kjøpstadprivilegium. Næringslivet på staden var prega av eksport av trelast, sjøfart og skipsbygging heilt til slutten av den første verdskrigen. Kragerø var ein av dei største sjøfartsbyane i Noreg siste helvta av 1800-talet. I tillegg til trelast kom seinare skiping av tremasse og produkt frå bergverk i opplandet.
Dei sentrale delane av tettstaden utgjer eit godt bevart bygningsmiljø som ligg på fastlandet i ei bratt helling ned mot fjorden, med krokete gater og gamle hus. Til busetnaden høyrer m.a. Bjørnsborg frå kring 1800 (freda 1924), Wiborggården frå 1700-talet (freda 1971) og Tollboden frå 1785 (freda 1996). Kittelsenhuset, der Theodor Severin Kittelsen er fødd, er gjort om til museum. På Berg ligg Berg-Kragerø og Skåtøy museum med den tidlegare Lystgården og folkepark. På Gunnarsholmen ligg Gundersholmen kystfort, reist på slutten av 1700-talet. Kragerø kyrkje er ei langkyrkje i teglstein som er bygd 1870. Kragerø har eigen kino, Kragerø Biograf.
Folketalsutvikling
[endre | endre wikiteksten]Folketalsutvikling på Sogndalsfjøra | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1769 | 941 | |||
1801 | 1 285 | |||
1865 | 4 089 + 391 | |||
1875 | 4 669 + 584 | |||
1890 | 5 753 | |||
1900 | 5 220 | |||
1910 | 4 970 + 157 | |||
1920 | 4 661 + 262 | |||
1930 | 4 314 + 313 | |||
1946 | 4 016 + 258 | |||
1950 | 4 329 + 290 | |||
1960 | 4 566 | |||
1970 | 5 249 | |||
1980 | 5 819 | |||
1990 | 5 430 | |||
2000 | 5 265 | |||
2009 | 5 334 | |||
2012 | 5 433 | |||
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar
|
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kragerø by - Nettstad med info om Kragerø
- VisitKragerø - Turistinfo om Kragerø