Korintbukta
Korintbukta Κορινθιακός κόλπος, Korinthiakós kólpos | |||
bukt | |||
Land | Hellas | ||
---|---|---|---|
Del av | Det joniske havet | ||
Korintbukta 38°12′N 22°30′E / 38.2°N 22.5°E | |||
Wikimedia Commons: Gulf of Corinth |
Korintbukta er ei djup bukt i Det joniske havet i Hellas som skil Peloponnes frå det vestlege greske fastlandet. Ho grenser i aust til Korinteidet, der Korintkanalen går gjennom, og i vest til Ríosundet, som skil Korintbukta frå den ytre Pátrabukta ved neset Kapp Drépano, som på det smalaste vert kryssa av Río-Andírio-brua. Korintbukta er nesten heilt omgjeve av perierieiningane Etoloakarnanía og Fokída i nord, Viotía i nordaust, Attikí i aust, Korinthía i søraust og sør og Akhaía i sørvest. Bukta er eit av dei mest seismisk aktive i Europa.
I mellomalderen vart bukta kalla Lepantobukta. Her vart det tredje slaget ved Lepanto utkjempa i 1571, der den osmanske flåten vart øydelagd. I 1772 vart ein annan tyrkisk flåte øydelagd av russarane ved inngangen til bukta. Byen Lepanto heiter i dag Návpaktos.
Skipsruta mellom Aten og til hamner i resten av verda, inkludert Middelhavet, går gjennom bukta. Ferjesamband går mellom Éjo og Ájos Nikólaos i den vestlege delen av bukta.
Bukta er 130 km lang og mellom 8,4 og 32 km brei.
Geologi
[endre | endre wikiteksten]Bukta vart danna gjennom utvidinga av ei tektonisk rift. Rifta utvidar seg framleis med 3 cm i året, og dei omliggande forkastingane er svært seismisk aktive.
Byar
[endre | endre wikiteksten]Byar ved bukta er mellom anna
- Návpaktos (nordvest)
- Sergoúla, inga hamn, men strand.
- Glyfáda, inga hamn
- Spiliá, inga hamn
- Ájos Nikólaos (nord)
- Galaxídi (nord), lita hamn
- Itéa (nord), lita hamn
- Kírra (nord), inga hamn
- Ájos Vasílios, lita hamn
- Pórto Jermenó (Egósthena) (aust), lita hamn og strender
- Psátha, i aust, stor strand
- Alepokhóri, (søraust)
- Loutráki, inga hamn
- Korint (søraust)
- Kiáto, (søraust)
- Xylókastro (sør)
- Dervéni
- Kráthio (sørvest), inga hamn
- Diakoptó (sørvest), strand
- Éjo (sørvest)
- Pátra (søraust), stor hamn
- Lógos (sørvest)
- Ákoli (sørvest), strand
- Káto Rodiná (vest-sørvest)
- Psathópyrgos (vest)
Elvar
[endre | endre wikiteksten]Følgjande elvar munnar ut i Korintbukta:
I nord
[endre | endre wikiteksten]I sør
[endre | endre wikiteksten]- Volinéos
- Sélemnos
- lita elv aust for Arakhovítika og Drépano
- Selinoúntas
- Vouraikós
- elv aust for Diakoptó
- Zakholítikos
- Asopós i Korinthía
- Sýthas ved Xylókastro
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gulf of Corinth» frå Wikipedia på engelsk, den 19. august 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Atlas over Korintbukta Arkivert 2006-08-13 ved Wayback Machine.
- Bilete frå Korintbukta
- Kart over Korintbukta Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine.