Kongsbergfenta
Kongsbergfenta eller Va de`kje du som leika med Guro er ein gangar eller lausslått i mange variantar. Hardingfeleverket har registrert 11 variantar av slåtten, for det meste i Telemark, men òg i Hallingdal, Voss og Setesdal. Mykje tyder på at slåtten har spreidd seg frå Telemark til dei andre dalføra etter dei vanlege ferdslevegane. Tor Grimsgard frå Hallingdal kan til dømes ha fanga opp slåtten på Kongsbergmarken. Telemarksformene skriv seg mest truleg frå Myllarguten, til mellom andre Øystein Hovdestad, Ånund Tveiten og Olav R. Berge. i Austre Telemark går lina via Hans Hansson Flatland og Svein Løndal. Namnet Kongsbergfenta følgjer Myllarguten, som nok har sett dette namnet på slåtten. Det er mogleg at denne slåtten opphavleg skriv seg frå Jon Kjos.
Variantgruppa har nummer 153 (Ei form i same gruppa er skriven ned som nr 101). Namnet Kongsbergfenta er knytt mest til formene i Vesttelemark. Namnet er knytt til Kongsberg (ei framand jente eller fente derifrå).
Variantgruppa
[endre | endre wikiteksten]- 101a: Halling, etter Ola Dekko, Ål. Nedskrift Arne Bjørndal 1936 (B 225). Forma er spela inn av Sevat Sataøen.
- 101b: Gjeralden, etter Lars Rognved, Haus. Nedskrift Arne Bjørndal 1916 (B 244). Gjerald var ein gamal fløytemakar og fløytespelar frå Gjerald, Voss.
153:
- a: Kongsbergfenta etter Øystein Hovdestad, Vinje [1][daud lenkje] Nedskrift Eivind Groven 1919 (G 612).
- b: Kongsbergfenta etter Olav R. Berge, Rauland [2][daud lenkje] Nedskrift Eivind Groven 1920 (G 611).
- c: Kongsbergfenta etter Ånund Tveiten, Lårdal[3][daud lenkje] . Nedskrift Eivind Groven 1955 etter minne (G 1045).
- d: Bruregangar etter Hans Flatland den eldre, Bø i Telemark [4][daud lenkje]. Nedskrift Gregar Nordbø (nr 54). Reinskrive for Hardingfeleverket i 1956. Opphavleg utgjeve i samlinga Slåttar og folketonar frå Bø, Telemark.
- e: Gangar etter Gunnulv Borgen, Bø i Telemark. Nedskrift Arne Bjørndal 1942 (B 2214) [5][daud lenkje]. . Borgen hadde slåtten etter broren Halvor Opdal, som hadde han etter Lars Fykerud.
- f: Kongsbergfenta etter Torkjell Haugerud, Bø i Telemark [6][daud lenkje]. . Nedskrift Eivind Groven 1957 etter opptak i NRK (G 1068). Etter forma å døme har Haugerud slåtten frå Øystein Hovdestad.
- g: Var det kje du som leika med Guro, etter Kjetil Løndal, Tuddal [7][daud lenkje]. . Nedskrift Eivind Groven 1957 etter opptak i NRK (G 1058). Slåtten er etter Svein Løndal. Stevet går slik: Var det kje du som leika med Guro, fysst unde`gråne så unde` furo. Guro er her truleg Guro Rysserova (eit anna namn på Huldra).
- H: Halling etter Tor Grimsgard, etter Odd Bakkerud, Nes i Hallingdal [8][daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen (Ø 454). Denne forma var òg nytta av Sevat Sataøen.
- i: Kvanbergen eller Ola Timannhagen, Ål [9][daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen 1956. Dei to hallingformene er svært like, men Bakkerudforma er noko meir utbygd.
- j: Rull etter Sigurd Borge, Voss [10][daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen 1945 (Ø 427). Borge hadde truleg slåtten etter Sjur Helgeland, Voss.
- k: Fanitullen etter Tomas Liestøl, Ose, Setesdal [11][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1917 (B 171). Liestøl hadde slåtten etter Knut Heddi, Rysstad, som atter hadde han frå Nils Horvaråk, Åraksbø. Namnet Fanitullen knyter ikkje forma til den meir kjende slåtten frå Hallingdal.