Hopp til innhald

Kljazma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kljazma
elv
Kljazma i Vladmirskoj Mesjtsjore nær Petusjki
Land  Russland
Nedslagsfelt 42 500 km²
Lengd 686 km
Middelvassføring 147 /s
Kjelde Nær Solnetsjnogorska
 •  høgd 240 moh.
Munning Oka
 •  høgd 67 moh.
Kart
Kljazma
56°09′05″N 37°11′58″E / 56.1515°N 37.1994°E / 56.1515; 37.1994
Nedslagsfeltet til Kljazma innanfor nedslagsfeltet til Volga
Nedslagsfeltet til Kljazma innanfor nedslagsfeltet til Volga
Nedslagsfeltet til Kljazma innanfor nedslagsfeltet til Volga
Wikimedia Commons: Klyazma River

Kljazma (russisk Клязьма) er ei elv i Moskva, Vladimir, Ivanovo og Nizjegorod oblast i Russland og ei av sideelvane til Oka frå venstre.

Etter Moskvaelva er ho den nest største sideelva til Oka med ei lengd på 686 km. Nedslagsfeltet hennar er på 42 500 km² og middelvassføringa 185 km frå munningen er 147 m³/s. Elva frys til i november og vert isfri att i byrjinga av april.

Elva har kjelda si i Moskvahøglandet nær Solnetsjnogorsk. Frå kjelda renn ho søraustover og i nærleiken av landsbyen Tsjerkizovo snur ho brått austover. Elva renn gjennom Kljaminkoje- og Pirogovskoje-reservoara. Breidda til elva vert somme stader over 200 meter og på det djupaste er ho 8 meter.

Dei største sideelvane hennar er Utsja, Vorja, Sjerna, Kirzjatsj, Peksja, Koloksja, Nerl, Uvol, Teza og Lukh frå venstre, og Polja, Sudogda og Suvorosj frå høgre.

Byar langs Kljazma

[endre | endre wikiteksten]