Hopp til innhald

Kleine Zeitung

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kleine Zeitung

TypeDagsavis
FormatTabloid
Grunnlagd22. november 1904
EigararStyria Media Group
SpråkTysk
HovudkvarterGraz, Klagenfurt
Nettstadwww.kleinezeitung.at

Kleine Zeitung (tysk for liten avis) er ei austerriksk avis basert i Graz. Som den største regionale avisa i Austerrike dekker ho forbundslanda Steiermark og Kärnten med Aust-Tirol. Avisa har om lag 800 000 abonnentar.

Kleine Zeitung vart grunnlagd i 1904 av Katholischer Presseverein. Den fyrste utgåva vart gjeven ut tysdag 22. november 1904. Frå byrjinga var avisa utforma til å betre passa massane, og ho dekte generelle og regionale nyhende i tillegg til å vera billeg. I dag er avisa eigd av Styria Media Group.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]