Hopp til innhald

Kirkandrews-on-Eden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kirkandrews-on-Eden
landsby
Land  England
Fylke Cumbria
Kommune Beaumont
Kart
Kirkandrews-on-Eden
54°54′58″N 3°00′36″W / 54.916°N 3.01°W / 54.916; -3.01
Wikimedia Commons: Kirkandrews-on-Eden

Kirkandrews-on-Eden eller Kirkandrews-upon-Eden, i tidlegare tider kjend som Kirkanders,[1] er ein landsby i Carlisle distrikt i Cumbria, i England. Han utgjorde tidlegare eit eige civil parish (kommune), men høyrer no til Beaumont civil parish. Dei blei slått saman i 1934.[2] I 1931 hadde Kirkandrews civil parish eit folketal på 145.[3]

Landsbyen ligg 4 mile (6,4 km) nordvest for Carlisle. Saman med landsbyane Monkhill, Grinsdale, Rattlingate og Burgh-by-Sands dannar Kirkandrews Barony of Burgh.

Eden ved Kirkandrews.

Hadrian's Wall Path og Vallum-konstruksjonen til Hadrianmuren går gjennom landsbyen. Han ligg 500 meter frå elva Eden, som Cumbrian Coastal Walk følgjer. I landsbyen ligg det fleire verna bygningar: Hollow Creek Farm, bygd i 1760, The Manor House og The Croft, bygd i 1600-åra, The Beeches og Beech House er verna med Grade II. National Cycle Network Route 72, Hadrian's Cycleway, går 160 mile langs Hadrianmuren verdsarvstad frå Ravenglass ved kysten av Cumbria via Kirkandrews-on-Eden til Tynemouth nær Newcastle upon Tyne.

Kyrkja vigd St. Andrew, som tidlegare stod på staden og har gjeve namn til lansbyen, forsvann for lenge sidan. Det einaste som er att er spor i terrenget og ei vasskjelde, well of St. Andrew, i den gamle kyrkjegarden. Sidan 1692 har Kirkandrews vore sameint med Beaumont i alle kyrkjesaker, og St. Mary's Church i Beaumont og Beaumont Parish Hall i Kirkandrews tener begge sokna.

Ein kan finna spor etter Carlisle Canal, ein kanal seinare gjort om til jernbanelinja mellom Carlisle og Silloth, i landsbyen og jorda rundt han. Kirkandrews jernbanestasjon var ein av mange som blei stengde i 1964 dei såkalla Beeching cuts.

  1. «Kirkandrews upon Eden». Old Cumbria Gazetteer. Henta 6 January 2022. 
  2. «Relationships and changes Kirkandrews upon Eden AP/CP through time». Vision of Britain. Henta 9 February 2018. 
  3. «Population Statistics Kirkandrews upon Eden AP/CP through time». Vision of Britain. Henta 9 February 2018. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]